Verdidebatt

Diktatura går ikkje i karantene

Medan verda heiar på Kina i kampen mot korona, spreier virusfrykta seg blant uigurar som sit innesperra i fangeleirar.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Johannes Morken

Redaktør i Stefanusalliansen

Vi heiar på Kina i rein eigeninteresse, i pandemisk frykt for koronaviruset. Sjokket vårt over at den kinesiske legen som først varsla blei trakassert av politiet og deretter sjølv døydde av korona, la seg hos oss straks Kina let til å få overtaket over viruset – som deretter vart ein trussel mot oss.

Då Noreg før helga langt på veg gjorde Kina til modell, henta eg fram att boka Stein Ringen gav ut i 2017: «Det perfekte diktatur». Han skildrar kor nådelaust, målretta, sofistikert og kompromisslaust det kinesiske diktaturet opptrer.

Vil vi få vita korleis viruset herjar blant uigurar?

Diktaturets handlingsmønster blir ikkje lagt bort i fangeleirane i Xinjiang-provinsen der godt over ein million uigurar – dei fleste er muslimar, men det finst også kristne – er sperra inne. Regimet kallar leirane for yrkesskular. Men dette er reine fengsel. Overvakinga er massiv, overgrepa er brutale. Kampen for å halda Kina saman, inkludert den store Xinjiang-provinsen, er brutal. Vil vi få vita korleis viruset herjar der regimet har sett inn så harde middel for å «omskolera» ei heil folkegruppe til lydig å følgja kommunistpartiet?

Uigurar i eksil har ropt varsku

Medan vi har starta den store debatten om korleis vi skal halda ut på heimekontoret, har innesperra uigurar i Xinjiang grunn til å frykta kva som skjer dersom – eller når – epidemien slår ut i fengsla dei er plasserte i. Magasinet Bitter Winter har intervjua ein mann som fekk tuberkulose i ein av leirane, smitta av medfangar. Han vart så sjuk at han vart sleppt fri, men sett under konstant overvaking.

Helsestellet er skralt og viruset vil vera lett å be og vanskeleg å nedkjempa. Uigurar i eksil har ropt varsku til Verdas Helseorganisasjon. I leirane står inga hypermoderne intensivavdeling klar. Eksil-uigurane har bede verda pressa på for at Kina skal setja fri dei internerte. Det skjer ikkje.

LES OGSÅ: New York Times: Lekkede dokumenter viser Kinas undertrykkelse av uigurene

Sensur og overvaking

Amnesty International har dokumentert korleis Kina driv sensur om koronaviruset. Men ivrige brukarar av sosiale media har utvikla eit språk som dei brukar for å lura sensuren. Det er heldigvis dei som fører kamp innanfrå mot diktaturet.

Avisa The Guardian har intervjua kinesarar som fortel korleis koronaviruset fører til at overvakingssamfunnet vert endå meir massivt – og normalisert, med ut- og innkøyringsløyve og temperaturkontrollar. Overvakingskamera får legitimitet når utstyret også kan overvaka virus. Det kjem fleire virus.

Raud kulturpropaganda

Viruset og måten det blei takla på i starten, kan bli ein trussel for presidenten. Difor har regimet teke i bruk Mao-inspirert propaganda for å overtyda folket om at Xi Jinping er Redningsmannen.

Når skulane er stengde og undervisninga flytta til internett, er «raud kulturpropaganda» eitt av faga i Jiangxi-provinsen i søraust, fortel Bitter Winter. Her får elevane læra korleis Mao som grunnla kommunist-Kina, brukte revolusjonær glød for å koma over «alle» problem.

Venteleg vert det ikkje snakka om kor mange titals millionar som omkom i svolt og terror gjennom Maos to katastrofale eksperiment: Det store spranget (1958-1961) og Kulturrevolusjonen (1966 til 1976). Kritiske foreldre spør, anonymt naturlegvis, kvifor Xi Jinping ikkje kom til Wuhan med den gløden propagandaen fortel om, medan viruset herja som verst.

Xi Jinping er ein diktator

No er Xi Jinping ingen ny Mao. Xi lytta trass alt etter kvart til medisinske ekspertar. Mao ville ikkje ha lytta til andre enn seg sjølv. Men Xi er likevel ein diktator som i sju år systematisk har samla makt og kontroll. Behovet for kontroll blir ikkje mindre etter korona. Undertrykkinga av religion – av kristne og andre truande – stoggar ikkje. I alle fall i januar vart nye krossar rivne ned frå kinesiske Tre sjølv-kyrkjer, og 1. februar kom nye strenge direktiv for religiøse organisasjonar.

Dei truande har søkt fellesskap via internett. Dei les framleis biblane sine i filler for å halda tru og mot oppe under presset frå både kommunistpartiet og viruset.

Ringen skriv også om korleis det er lett å leggja for stor vekt på Kinas styrke og ikkje oppdaga landets elende. Kina har vist styrke i kampen mot viruset. Men også den kinesiske økonomien har fått ein katastrofal nedtur. Betre blir det ikkje når resten av verda, som er marknader, tek etter Beijing – med samfunnsmaskineri som vert stengde ned. Held det med propaganda for Xi i nedturen?

No går vi inn i den store karantenen. Vi har all grunn til å uroa oss for våre permitterte, arbeidslause, gamle og sjuke. Men dei av oss som ikkje er alvorleg sjuke og ikkje har mista jobben, må nettopp i denne tida halda augo opne. Diktaturet har ikkje gått i karantene.

LES MER:

Kinesisk prest dømt til ni års fengsel for å motarbeide myndighetene

Straks er alle verdens land smittet: – Katastrofale følger, sier Leger uten grenser

Terje (71) har mistet holdepunktet i koronakrisa: – Trist at det skulle ende sånn

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt