Verdidebatt

Kan folkekyrkja overleva statskyrkja?

Mange stader har bedehusfolket tradisjonelt vore både aktive og engasjerte i det lokale kyrkjelivet. Difor er det eit faresignal når store delar av dette lekfolket er reie til å forlata Den norske kyrkja.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Av Per M. Aadnanes

Professor i teologi

Det gjev lite meining å kalla Noreg anno 2020 for eit kristent land. Den samtida nordmenn opplever i dag kan i beste fall kallast «etterkristen». Dette fekk til og med ei politisk og juridisk stadfesting i 2012 ved dei grunnlovsendringane som avvikla det nedarva statskyrkjesystemet.

Modernisert religionsvesen

Då kan det nok synast paradoksalt at den nye paragraf 16 i Grunnlova likevel definerer den no ikkje-statelege kyrkja som «den norske folkekyrkja» framleis. For det tyder kort og godt at staten har «pålagt» den no frigjorde og demokratisk sjølvstyrte kyrkja å bli verande den nasjonale folkekyrkja vår.

Å løysa Den norske kyrkja frå statsmakta var såleis ikkje det trylleslaget som skulle til for å skapa henne om til å bli eit «vanleg» frikyrkjeleg trussamfunn, om no nokon skulle ha trudd det. I staden ønskjer staten at denne kyrkja skal halda fram som eit modernisert offentleg religionsvesen, eller som det helst heiter: ei open og inkluderande kyrkje. Og ein slik ambisjon deler truleg også både bispar, prestar og rådsorgan.

LES OGSÅ: Oddbjørn Leirvik: «Det kan virke som vi framleis har ei fullblods statskyrkje»

Dominansen over

Spørsmålet er likevel korleis dette er mogleg i ei etterkristen tid. For det er ikkje uproblematisk å halda fast på ei slik rolle når tida for kyrkjeleg dominans i samfunnet for lengst er over. Rett nok er omlag 70 prosent av folket medlemmer framleis. Men ifølgje ei medlemsgransking i Den norske kyrkje frå i fjor vedkjenner berre 22 prosent av desse seg til kyrkja si tru og tek del i gudstenestelivet. Samstundes er det faktisk fleire, 24 prosent, som avviser kristen tru og som omtrent aldri deltek i gudstenester. Dei fleste, 54 prosent, hamnar midt mellom, i ein sekkepost granskinga kallar «opne», men som like gjerne kan oppfattast som såkalla kulturkristne.

Ein bør nok ta slike talfestingar av tru og tvil med ei klype salt. Likevel er det lett å tenkja at noko av det livssynsmangfaldet som finst elles i samfunnet, gjer seg gjeldande også i folkekyrkja sin medlemsskare. Og det er sjølvsagt utfordrande når den nemnde grunnlovsparagrafen også pålegg denne kyrkja å vera ei vedkjennande evangelisk-luthersk kyrkje.

No skal det seiast at det folkekyrkjelege dilemmaet som eit indre mangfald representerer, slett ikkje er nytt i kyrkjehistoria. Likevel er nok det problemet den folkekyrkjelege ambisjonen møter på dette punktet i dag ei ekstra krevjande utgåve av dette allmenne dilemmaet. For det presset den sekulariserte og mangfaldsprega samtidskulturen påfører folkekyrkja i dag, synest å skapa djupare spenningar enn nokon gong før, og kan såleis truga samhaldet i det aktive fotfolket.

Vippepunkt

Det mest dramatiske dømet frå dei siste åra er striden omkring innføring av ein liturgi for ektevigsle av likekjønna par. Opinionen, som truleg også det folkekyrkjelege fleirtalet deler, synest nemleg å gå i favør av denne radikale liturgiske – og samlivsetiske – endringa. Samstundes opplever mange, særleg det lågkyrkjelege misjons- og bedehusfolket, dette brotet med tradisjonell ekteskapsteologi som svært problematisk. Og nett dette kan faktisk visa seg å bli det kritiske vippepunktet for heile den folkekyrkjelege ambisjonen. Mange stader har nemleg bedehusfolket tradisjonelt vore både aktive og engasjerte i det lokale kyrkjelivet. Difor er det eit alvorleg faresignal når no store delar av dette lekfolket er reie til å forlata Den norske kyrkja og etablera seg i eigne bedehuskyrkjer i staden. På kort sikt vil dette heilt klårt tappa kyrkja for viktige ressursar. Og på lenger sikt vil det uunngåeleg måtta gå ut over både medlemstal og statistikkane for deltaking i dei folkekyrkjelege livsritane.

Ingen av partane i denne striden er tente med at folkekyrkja tørkar inn. Steller ein seg slik at dèt blir resultatet, kan ein nemleg ha komme i skade for å saga av den greina ein sjølv sit på. For det er eit poeng at folkekyrkja, trass i det meiningsmangfaldet ho gjev rom for i både presteskap og medlemsskare, eigentleg er den einaste instansen med tilstrekkeleg rekkevidd til å kunna ta vare på dei spora av det kristne meiningsuniverset som framleis finst i allmennkulturen.

LES OGSÅ: Sunniva Gylver har forsket på folkekirkens fellesskap: – Kirken må tåle mangfoldet

Famlande folkekyrkje

At samtida vår er etterkristen tyder nemleg ikkje berre at kyrkja har tapt den tidlegare statskyrkjelege maktposisjonen sin. Det tyder også at den kristianiserte fortida vår har etterlate seg ein meir eller mindre umedviten arv av tradisjonar og forteljingar, av verdiar og haldningar, som felleskulturen framleis tærer på. Samstundes er det viktig å innsjå at denne kulturarven lever farleg i dag, at han er truga av rask forvitring i det seinmoderne samfunnet, der det meste flimrar fort forbi og knapt noka sanning overlever morgondagen.

Ser vi saka frå denne sida, vil altså den like famlande som samlande folkekyrkja vi opplever, med den vide kontaktflata ho faktisk har, trass alt kunna sikra at breie lag av folket enno ei tid kan få oppleva eit minstemål av kontakt med det kristne livsperspektivet. Og det burde gjera det bryet verd å halda fast på denne kyrkja, både for bedehusfolket og dei ulike kyrkjelege fløyene.

LES MER:

Kirken får ikke lenger leie bedehus fra Normisjon: – De har beveget seg bort fra Bibelen som Guds ord

Fagforbundet: «Den norske kirke lider av inngrodd hegemoni - skiller sine ansatte i A-lag og B-lag»

Professor: «100 år etter aktualiseres Calmeyergatelinjen i store dogmatiske og etiske spørsmål»

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt