Verdidebatt

Småprathelvetet

Å ha problem er ein vanlegare tilstand enn å ikkje ha det. Like fullt har me ikkje – etter fleire tusen år med sivilisasjon – funne ut korleis me kan snakka om slikt i selskapslivet.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Smalltalk i selskapslivet kan vera grunn nok til å halda seg heime. Til og med for oss som i utgangspunktet likar å småsnakka med folk me ikkje kjenner. Det er ikkje alltid me gler oss til å svara på dei tilsynelatande enkle spørsmåla nordmenn stiller ukjende bordkavalerar for å vera høflege og hyggjelege: Kor er du frå? Kva jobbar du med? Har du barn?

Det norske fellesskapet har vedtatt at slike spørsmål er veleigna til å bryta is og skapa felles hygge. Spørsmål om kva me har i lønn eller på sparekontoen, derimot, er framleis uhøfleg. Det slår til og med Solveig Sollund sin 2019-versjon av Skikk og bruk fast. Sjølv om slike spørsmål er heilt vanlege i mange andre land, vippar det nordmenn av pinnen.

Utfordrande spørsmål

Men kva spørsmål gjer oss eigentleg glade for å snakka saman? Sjølv blir eg aldri lei av å fortelja at eg kjem frå Sand i Ryfylke, universet sin navle, og så spør eg deg kor du er frå. Men viss du for eksempel har meir pigment i huda, kan du ha høyrt «men kor er du eigentleg frå?» så mange gonger, at spørsmålet mitt gir deg ei kjensle av i å ikkje høyra til her saman med meg. Eller du kan ha vakse opp på ulike stader og er lei av å forklara kvifor eller kva foreldra dine dreiv med. Å bli spurt om du har barn, viss du er lei deg for at du ikkje har det, er gjerne heller ikkje høgdepunktet i eit selskap. Og for svært mange av oss er det aller vanskelegaste spørsmålet «kva driv du med?» Uansett om det kjem frå ein framand eller nokon som treng ei oppdatering, er det sjeldan kjekt å svara: Eg søkjer jobbar. Eg er sjukemeldt. Eg er forseinka i utdanninga. Eg har droppa ut av vidaregåande. Eg er ufør. Eg er kronisk og «usynleg» sjuk.

Praten i selskapslivet

Å ha problem er ein vanlegare tilstand enn å ikkje ha det. Det veit alle med god utsikt til sitt eige liv. Like fullt skjemmest me ofte over det. Like fullt blir me overrumpla når andre avslører at dei har utfordringar i livet som ikkje står skrive i panna deira. Og like fullt har me ikkje – etter fleire tusen år med sivilisasjon – funne ut korleis me kan snakka om slikt i selskapslivet. Eller om ting som er annleis enn i vårt eige liv.

Den enkle løysinga er å vera saman med folk som har mykje felles med ein sjølv. Folk som også følgjer med på eliteserien i fotball, for eksempel. Men med mindre ein melder seg heilt ut av sosialt liv, kan ein ikkje unngå å hamna i selskap med ukjende – der me spør og svarer for å vera greie. Den finske forfattaren og historieprofessoren Alma Söderhjelm, som blei fødd i 1870 og sette konversasjonskunsten høgt, sa at «kanskje er den evige nordiske spørringen – ja for den er virkelig typisk for Norden – en slags klosset måte å holde konversasjonen i gang på når en pause skal utfylles.» Ho meinte at slike spørsmål kunne bli reine forhøyr, og at folk rett og slett burde unngå å konversera i form av spørsmål.

Nye spørsmål i handveska

Kan det ikkje bli skrekkeleg kjedeleg viss ein ikkje skal spørja om noko som helst? Den amerikanske psykologen Arthur Aron har forska på spørsmål som kan skapa nærleik og fellesskap mellom to samtalepartnarar. Viss målet er å få til emosjonell kontakt, trengst det langsam tilnærming og sjølvavsløring, meiner han. Sissel Gran skriv om dette i ein avisartikkel frå fjor, der ho analyserer kvifor folk ikkje blir kjærastar av Tinder-dating. «Mange er nok overforsiktige, skjuler seg godt, lar seg besnakke, oppfører seg som gratispassasjerer. Og er det kan hende derfor det butter for mange? Sitter folk og trøkker? Gir lite?» Ho føreslår å bruka Aron sine spørsmålsforslag. Han deler dei inn i tre bolkar, der den personlege temperaturen stig. På det første, «ufarlege» trinnet har han spørsmål som dette: Hadde du likt å vera ein berømt person? Korleis ville ein perfekt dag sjå ut for deg? Kva tid song du høgt sist? Kva føler du deg mest takksam for i livet ditt?

Kanskje er det muleg å overføra nokre av Gran og Aron sine dating-perspektiv til samtalane på heilt vanlege norske julebord og i andre selskap. Eg vurderer i alle fall å ha med eit par nye spørsmål i den gamle handveska.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Verdidebatt