Dei store parasittane i internasjonal økonomi.

Ikkje lett å temje dei store, farlege og "nasjonslause" konserngigantane

Publisert Sist oppdatert

I januar i år avslørte ei nederlandsk avis ein «strategi for skatteoptimalisering» som gjorde at Google kunne plassere bortimot 20 milliardar euro i skatteparadiset Bermuda.
På nettsida til franske France Culture, kommenterer dei dette slik: «Denne avsløringa er berre den siste i ein serie med finansskandalar, om skatteoptimalisering og skatteunnaluring, som gjer at desse 20 milliardar euroane som Google har lurt unna, nesten ser smått ut. Den lange lista av finansskandalar, Panama Papers, Paradise Papers, Malta Files, LuxLeaks, SwissLeaks, kan lett gi ei kjensle av maktesløyse og resignasjon».

Frykt for represalier.

På ei anna nettside kunne vi rett nok for litt sidan lese at Frankrike og Tyskland no skulle prøve å innføre ein skatt på dei store internasjonale data-gigantane, ein skatt dei kallar Gafa. Dette høyrest lovande ut, men så kan vi lese at Tyskland eigentleg er svært så motvillige til dette opplegget, som i første rekke vil råke dei amerikanske kjempene Google og Facebook, fordi dette risikerer å føre til amerikanske represalier mot den tyske eksporten til USA. Så Tyskland har derfor fått redusert områda som denne skatten skal gjelde for, til berre å skattlegge nettreklame. I tillegg skal Tyskland også ha fått utsett datoen for innføringa av denne skatten til 1. januar 2021!

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP