Vårt Land-kommentator Håvard Nyhus ytrar seg om Kjell Ingolf Ropstad, som ikkje vil gå i Pride-tog. Men artikkelen «Innbuet med mening» heiar ikkje fram ein statsråd som vågar å stå imot presset. Her er det ingen oppmodingar til Ropstad om å ta vare på integriteten og stå for det han trur på. Heller ikkje er det mange spor i artikkelen av at den kristne trua og evangeliet– slik vi har fått det frå apostlane – faktisk set heilt andre rammer for seksuallivet enn det Pride og arrangøren FRI står for.
Nei. Om eg forstår Nyhus rett, er det i orden at privatpersonen Ropstad avstår frå å gå i Pride-tog. Men når han no er blitt statsråd, er det tydelegvis blitt problematisk at «33 år gamle Kjell Ingolf fra Evje» vegrar seg mot å marsjera.
Når det er sagt, synest eg likevel artikkelen er trist. For det første kan Ropstad utmerka godt la vera å gå i Pride-tog utan å gje ein einaste grunn for det. Så vidt eg veit, blir det ikkje ein gong stilt krav til statsrådar om å gå i den mest samlande fellesmarkeringa av alle om norske verdiar, nemleg 17. mai. Og godt er det. Kvifor skal då statsrådar pressast til å gå i Pride-marsj? Er verdien av PRIDEbrått blitt eit felles nasjonalt dogme som alle statsrådar må bøya seg for? I så fall vil eg aller først sparka ballen tilbake til Vårt Land: Er det eit krav at alle redaktørar i avisa går i Pride-marsj? Ein redaktør representerer som kjent ikkje berre seg sjølv lenger, men òg avisa ho eller han er redaktør for.
Til sist. Ein gong var det nattverdtvang her i landet. Ja, alle var i lovpålagte å gå marsjen fram til altarringen for å ta imot brødet og vinen. Heldigvis har vi det ikkje slik lenger. Vil vi ha det slik at statsrådar skal pressast til å marsjera under fanene og slagorda til Pride? Nei. Vi vil ha statsrådar med integritet nok til å avvisa å gå i eit tog dei ikkje ønskjer å gå i. Det høyrer ikkje til ein statsråd sine «seremonielle forpliktelser» å gå i Pride-tog. Ikkje gjer meiningsrommet i dette landet trongare enn det er.