Borgarleg og «ikkje sosialistisk» vrøvl
Enkelte er veldig opptekne av «merkelappar» i politikken. Dei set merkelappar på seg sjølv og ikkje minst på andre. Eg meiner at desse merkelappane dekker over mykje av dei reelle skiljelinjene i politikken. Gamle førestillingar vert viktigare enn dagens politiske kamper.
Kva tyder til dømes ordet «borgarleg»? Ein som bur i borgen? Ein som tilhøyrer borgerklassen? Ei motsetnad til å vera bonde? Ein som liker partiet Høgre? Eg har aldri følt meg korkje borgarleg eller ikkje-borgarleg. Ein snakkar om borgarlege parti men eg trur få ha eit medvite syn på innhaldet. Det er eit omgrep som høyrer heime på historia si skraphaug etter mitt syn.
Det vert også snakka om parti som er «ikkje-sosialistiske». Eg går verkeleg ikkje rundt og kjenner på at Norge er delt på midten i ei sosialistisk og ei ikkje-sosialistisk fløy. Du skal vera nokså kreativ for å meine at det er ei stor sosialistisk gruppe i Noreg. Dei fleste parti legg til grunn ein marknadsøkonomi og så ynskjer ein ulik grad av politisk styring. Klassisk sosialisme er det lite av.
Bestill abonnement her
KJØP