Minna om ein norsk familie
Om to dagar skal det setjast ned ein «snublestein» for syskena Klara, Ester og Samuel Karpol. Truleg var ingen jødar så godt integrert i ei norsk bygd som Karpol-familien.
6. juni skal det setjast ned ein «snublestein» for syskena Klara, Ester og Samuel Karpol, som vart tekne av dage i gasskammeret i Auschwitz i 1942 og 1943. Det er høveleg å minnast dei tre i foreldra Gershon og Jette sitt perspektiv, dei som opplevde sviket frå norske øvrigheitspersonar, og måtte leve sine siste dagar i sorg over det smertelege og audmjukande tapet av sine tre staute born.
Ei trygg tilvere.
Deira lagnad har mange parallellar til Tevje i Sholem Aleichems forteljing «Tevje og hans dotrer» (som musikal: «Spelemann på taket»). Den forteljinga endar med at familien vert driven bort frå ukrainske Anatevka. Før det har Tevje erklært den mellomste av dotrene for død, då ho insisterer på å gifte seg med den kristne Fjedka.
Bestill abonnement her
KJØP