Vi må si nei til tvillingabort
Helse- og omsorgsministeren er på kollisjonskurs med sentrale fagmiljø. Det er ikkje påvist nokon medisinsk gevinst av å redusere tvillingsvangerskap til singelsvangerskap.
Regjeringa meiner det er innanfor abortlova at kvinner fritt skal kunne ta bort eit av fleire fostre i svangerskapet før veke tolv. I dag er dette teknisk mulig ved såkalla fosterreduksjon.
Dette var ikkje mulig den gongen då abortlova vart innført. Abortlova seier heller ingen ting om dette. Helse- og omsorgs-
departementet har tidlegare konkludert med at abortlova berre opnar for fosterreduksjon dersom det er stor fare for alvorleg sjukdom hos fosteret, jamfør rundskriv I-42/2001.
Men i ei ny lovfortolking slår justisdepartementet fast at dette også gjeld friske fostre. Helse- og omsorgsminister Bent Høie tar dette til etterretning. Dei regionale helse-
føretaka får no beskjed om å informere både abortnemnder og helseføretaka om denne nye tolkinga av abortlova. Det blir gjort utan at saka har vore til politisk behandling.