Yrkesetikk for medium

Det er ein plagsam tanke at eg skulle bli skulda for å plaga familien min etter at eg er død. Eg har nemleg tenkt å ta alt mas om skitentøy, tiss på kanten og kjeldesortering med meg i grava.

Reportasje

Det er far din som går igjen her, får ein ung mann beskjed om i ein av episodane i tv-serien Åndenes makt. Han jobbar på ei vegkro, der eigarane har opplevd uforklarleg uro. Difor har dei bede programredaksjonen, inkludert eit såkalla medium, om hjelp. Far hans er død for ei tid tilbake.

Denne hausten er Åndenes makt inne i sin ellevte sesong og framleis ein av TVNorge sine største sjåarsuksessar. Samstundes har mediumskap stadig vore i media, og me er ikkje eingong komne til allehelgensdag og Alternativmessen på Lillestrøm.

LES OGSÅ: Skrev så mannen skulle forstå

Injuriesak mot medium

Uansett kva slags verdsbilde ein har, vil nok dei færraste meina at den avdøde faren frå vegkroa blir plaga av kva dette mediet måtte seia om han. Samstundes tykkjer eg det er ein plagsam tanke, at eg sjølv skulle bli skulda for å plaga sonen min – eller kanskje endå verre: stesønene mine – etter at eg er død. Eg har tenkt å ta alt mas om skitentøy, tiss på kanten og kjeldesortering med meg i grava.

Ein kan jo ikkje akkurat gå til injuriesak mot påstandar frå eit medium når ein er død. I same programserie er denne typen scenario endå vanlegare: Mediet hevdar å sjå eit gjenferd og skildrar det, til dømes som «ei kvinne med hårknute, litt rundt ansikt og svart kjole. Det er svært sannsynleg at det er «Agathe Olsen, som budde i dette­ huset og døydde i 1913» som nå går igjen her. Agathe Olsen har sjølvsagt ingenting ho skulle ha sagt. Heller ikkje oldebarna hennar, som har tenkt at ho er fullt opptatt med å synga i det himmelske koret nå, og på ingen måte var av typen som vanlegvis­ ville skræma ein hyggjeleg småbarnsfamilie. ­Ettermælet hennar er fritt vilt.

LES OGSÅ: Han foreviget Norge

Forsiktighetsregler

Slike «injurie-spørsmål» er kanskje dei minst viktige av alle kritiske spørsmål ein kan stilla til den brokete bransjen av praktiserande medium. Det viktigaste er kanskje dette: Bidrar mediet til å binde den som søkjer hjelp fast i noko som ikkje er bra for vedkommande?

Det kontante svaret frå skeptikarar er sjølvsagt at dette er svindel og at «ingen liker å bli lurt». Men også folk som er opne for at kontakt med døde kan vera reell, meiner at kjendis-medium som Lisa Williams er lette å avsløra som lurendreiarar. Showa deira er oppvisingar i såkalla «tankefisking», der ein manipulerer og lokkar svara ut av publikum. Sjølv mange som stiller seg positivt til mediumskap meiner at dette er ein bransje ein lett kan lura sårbare menneske i.

Som medium utøver ein stor makt over enkeltmenneske. Slik makt har mange andre også, ikkje minst prestar som driv sjelesorg og psykoterapeutar. Men den synske bransjen er uregulert og overlaten til seg sjølv. Difor er det positivt at nettstaden alternativ.no, den største portalen for alternative tenester, har lagt ut såkalla «forsiktighetsregler» for dei som oppsøkjer klarsynte. Berre synd dei er nesten umulege å finna på nettstaden.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Kontakt med døde

Heile 40 prosent av befolkninga i Noreg meiner å ha hatt erfaring med kontakt med døde, viser forskinga. – Viss kyrkja lukkar augo for desse menneska sine erfaringar, mistar ho relevansen sin i dagens samfunn, sa presten Silje Trym Mathiassen nyleg, under ei dialogmesse om kontakt med døde i St. Petri kirke. Det er eit slikt syn som blant anna ligg til grunn for at kyrkja har vedtatt ein ­offisiell liturgi for «velsignelse av hus og hjem». Ein har erkjent at det å latterleggjera og blankt avvisa kontakt med døde, er å trampa på folk si sorg, på lengten og trua deira.

Samstundes må ein ha lov til å stå opp for dei same folka, når sjarlatanar med sjølvoppnemnde evner trampar inn, der det er skjørt.

Ann Kristin van Zjip Nilsen er kommunikasjonseder i Areopagos, redaktør for magasinet Tørst og spaltist i Vårt Land.

Les mer om mer disse temaene:

Ann Kristin van Zijp Nilsen

Ann Kristin van Zijp Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje