Nyheter

Rik utan klasse

Oljeeventyret starta for berre ein halv kvinnealder sidan. ­Likevel oppfører me oss som ein vemmeleg, nyrik milliardær.

Bilde 1 av 2

Sjå på dei der, då, kviskrar eg diskret, og nikkar i retning andre enden av dansegolvet.

Me er i ein liten søramerikansk by, og merengue-musikken buktar seg langs dei mørkeraude veggene i diskoteket. Der borte dansar tre hjelpelause nordamerikanske turistar utan rytmesans. Gringo-kroppane er stivare enn læret i ein cowboystøvel.

Dei søramerikanske vennene mine ser. Men ­responsen er ikkje som eg håpa. Blikka lyner mot meg. Eg er 21 og har gløymt at min eigen tryggleik på dansegolvet berre er eit halvt år gammal.

Då eg kom hit, til eit land der alle dansar, prøvde eg først å gøyma den stive og hjelpelause kroppen min når musikken blei slått på. Men i dette landet, der alle dansar, viser det seg at folk ikkje ler av dei som ikkje kan det. Dei lærer raust vekk barnelærdommen sin til nye, med stort tålmod og mykje glede. Umerkeleg henta dei fram min indre latina, og etter ei stund kjende eg meg som reine merengue-dronninga på dansegolvet.

Umerkeleg er kodeordet her. For eg er blitt kjepphøg utan å merka det, eg har gløymt kven eg var for litt sidan.

SPALTIST ANN KRISTIN VAN ZIJP NILSEN: «Ingen veit kvifor Amran har begynt med hijab»

Heltane

Det finst lite som er mindre sjarmerande enn oppkomlingar som har gløymt kor dei kjem frå. Ingen vil nokon gong gløyma då Stein(-rike) Erik Hagen, føreslo at folk kunne spara pengar ved å gjera som han: Senda skjortene sine til ein skreddar i London for å skifta snippane. Det er ikkje heilt uforståeleg at folk kan mista bakkekontakten når karrieren tar av, men du skal leita lenge for å finna ein nordmann som likar det. I historier om klassereiser og andre reiser vekk frå vanskar og elende, er heltane alltid dei audmjuke – og helst rause.

Som nasjon er Noreg i verdstoppen blant oppkomlingane. Oljeeventyret starta for berre ein halv kvinnealder sidan. Likevel oppfører me oss som ein vemmeleg, nyrik milliardær. Ho ristar på ­hovudet med det oljeglinsande ansiktet, når nokon spør om ho hugsar korleis me nettopp misunnte ­Sverige for alt dei hadde og dikta svenskevitsar for å kompensera.

Ho hugsar slett ikkje at bestemora levde i slutten av den store norske utvandringstida. Då reiste ein million migrantar til Nord-Amerika. Grunnen var hovudsakleg at Noreg var eit lutfattig land fullt av arbeidslause. For mange var integrering i eit framandt land svært krevjande, men etter kvart blei dei fleste vanlege gjennomsnittsamerikanarar.

SPALTIST TOMAS SJÖDIN: «Ansvar er et vakkert ord, men i altfor store doser er det skadelig»

Utan bakkekontakt

Dei 50.000 nordmennene som flykta frå landet under 2. verdskrigen, gjorde det ikkje av fattigdom. Hadde det vore i dag, hadde dei hatt mobiltelefonane sine med seg, i tillegg til pengar og smykke som dei hadde den gongen også. Det var ikkje naturleg å spørja dei om kvifor dei ikkje var fattigare enn dei var. I dag synest me det er suspekt at syriske middelklassefolk har iPhone når dei flyktar frå krig, men me ville ikkje tatt i mot dei på grunn av fattigdom heller.

Me er ein nyrik milliardær med oljeglinsande ansikt: Ho spør «kan dei ikkje heller eta kaker?» når middelklasseungar i Aleppo manglar brød. Ho hugsar ikkje lenger kva bakkekontakt er, og langt der ovanfrå ser ho ned på resten av verda.

På det halvmørke dansegolvet i Sør-Amerika spør vennene mine: «Kvifor i all verda ler du av gringoane der borte? Er det ikkje kjekt at dei også dansar?» Den sjølvkrona dansedronninga innser at ho burde hatt meir stil og klasse, men slikt kan gå skeis når posisjonen har komme litt for fort. Oppkomlingar av alle slag treng ofte eit lite kurs for å takla det nye tilveret med stil. Det blir så pinleg når ein er rik, men manglar klasse.

Ann Kristin van Zijp Nilsen er kommunikasjonsredaktør i ­Areopagos, redaktør for ­magasinet Tørst og spaltist i Vårt Land.

Les mer om mer disse temaene:

Ann Kristin van Zijp Nilsen

Ann Kristin van Zijp Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter