Nyheter

Prosjekt: Growing up

Eg er blitt ein person der noko har skjedd.

Somme har som prosjekt å endre livsstil, andre pussar opp. Det finst så uendeleg mange prosjekt der ute, så uviktige i den store samanhengen. Folk altså, sukkar vi, kor tåpeleg! Heilt til vi kjenner oss igjen.

No skal eg fortelje om eit slikt latterleg prosjekt.

I femten år har eg farga håret. Tidleg, alt i tjueåra, dukka det opp grå hår i mitt elles brunsvarte hår. Eg nappa dei ut, slik eg alltid har prøvd å nappe ut irriterande skrivefeil og andre tabbar frå livet. Til slutt vart dei grå for mange, og sidan har eg farga håret. Nøye, og med flid, har eg passa på ein stadig meir aggressiv ettervekst midt oppe på skallen.

Men så ein dag på seinvinteren hadde eg fått nok. No skulle eg slutte å sende mine dosar av hårfarge ut i ein uskuldig Drammensfjord.

LES OGSÅ: Pistol er ikkje det kraftigaste

Mitt prosjekt kom ikkje slik heilt ut av det blå. Eg var inspirert. Nettet er fullt av små filmsnuttar og bilde av kvinner som har funne sin naturlege gråfarge og er lukkelegare enn nokon gong. Dei kallar det goinggray og dei gjer det gracefully. Dei fortel sine going-gray-historier, om korleis dei endeleg har funne sin sanne identitet. Verkeleg? Eg lar det grå komme. Prosjekt goinggray er i gang.

Når eg tenker etter, så har det vore eit frykteleg stress, denne farginga. Og eg er ikkje åleine. Hårfargen renn ut frå dei tusen heimar, skyl gjennom røra og ut i havet. Eg har dekka dei grå håra som om dei var sjølve skamma. Ja, som om det var ei plikt eg er fødd med å alltid vere ung, eller sjå ung ut.

Mens det grå grip om seg kjenner eg ein veksande nyfikne for kven eg eigentleg er, korleis eg eigentleg ser ut. Det følast som eg tar ein stor ­risiko. Det er berre hår, seier eg til meg sjølv, men veit at av dei tinga som betyr noko for oss, heiter det aldri «berre», same kor banalt det kan verke.

Eg funderte: Kor stor blir nedturen? Kor stygg blir eg? Og, må eg innrømme, kva vil folk seie?

Men det er sjølvsagt ingen som bryr seg. Andre sine blikk glir langs min grå ettervekst og så vidare rett ut i lufta, ingen seier noko om det grå. «Det er litt rart», seier eg heime, «at folk kommenterer alt, briller, kjolar og sko … men ingen seier: Å, har du gått over til grått? Det er som om eg går med hår som høyrer til ein heilt annan stad midt på hovudet!» Mannen min ler og seier det er fordi eg har gått over ei grense: «Du har utfordra eit tabu.»

Følg oss på Facebook og Twitter!

Tabu? Har dei ikkje sett at grått er trendy? Har dei kanskje ikkje høyrt om goinggray? Veit ikkje folk at grått hår blir kalla Guds eigen graffiti?

Sjølv klarer eg ikkje å sjå at det grå er stygt. Eg har blitt hjernevaska av goinggray-folka. Og om det likevel er stygt, tenker eg, for andre, kan det umogleg spele så stor rolle så lenge eg likar det sjølv!

No forstår eg at prosjektet heller burde heite growingup. Å bli vaksen er å erkjenne at ein er eit handlande subjekt, ikkje det objektet som ein sjølv og kanskje andre har sett for seg: ung, pen og flink.

Medan små jenter skal pressast til å sjå ut som kvinner, skal altså kvinner helst sjå ut som unge jenter. Trass i grå trendar: Slik er stadig norma.

Kvifor skal ikkje kvinner få sjå ut som om dei er vaksne? Som om det er farleg å seie at ein ikkje lenger har alle dører opne. At ein har stengt eit par for godt. At ein vel med større omhug, tar betre vare på ressursane. At ein har vore ute nokre vinternetter. At ein har fått nokre grå hår. Ein har blitt ein person der noko alt har skjedd.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter