Nyheter

Pistol er ikkje det kraftigaste

Tillit er ikke blomekrans-i-håret-filosofi, men eit rasjonelt fundament for eit moderne samfunn.

Viss eg var terrorist og ville skada bygda eg vaks opp i, ville eg kanskje vurdert eit sjølvmordsangrep på handelslaget.Påskeaftan føremiddag er butikken på kaien alltid stappfull av kunder. For ei radikalisert kristen med terrorplanar ville det vore ein passande dag for eit oppgjer med dei ugudelege: Folk hamstrar egg, kremfløyte og lammelår i staden for å fasta og be.

Det enklaste er pistol. Enkelt å få tak i, enkelt å gøyma og enkelt å treffa folk med på nært hald. Enormt mykje meir skade og død kunne ein forårsaka med ein handgranat, ei bombe eller ein av dei mange MP5-maskinpistolane som er forsvunne frå Heimevernet. Alt får plass under ei vid jakke, eller i ei stor handleveske.

LES OGSÅ: Anundsen angrer ikke på videoen

Sjølv om lensmannen og betjenten hennar skulle patruljera Sand sentrum den dagen, ville enorme skader vore eit faktum lenge før dei kom fram. Ein treng berre nokre sekund. Likevel er politiet i Sauda Suldal Lensmannsdistrikt væpna på grunn av terrorfaren, akkurat som på Bømlo og i Oslo. Det handlar ikkje om å avverja eit ran eller stoppa ein familiedrapsmann. Det er sterkt motiverte terroristar som skal hindrast med eit ladd teneste­våpen på hofta.

I den nye valkampvideoen sin, seier justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (Frp) at staten si aller viktigaste oppgåve er å «sørge for at borgerne har trygghet». Pistol er skrivebordsløysinga på den oppgåva. Det ser fint ut på papiret, men ute i kvardagen gjer fleire våpen gatene mindre trygge. Tryggleik er nemlig noko anna enn sikkerheit. Hadde me følt oss trygge i eit byrom der alt var sikra med overvakingskamera, våpen og høge gjerder? Eller om me alle fekk utdelt skotsikre vestar og hjelmar? Nei, me hadde gått redde rundt og kikka oss over skuldra, skult mistenksamt på einannan og vore kollektivt paranoide.

LES OGSÅ: Politiet vurderer å ta i bruk elektrosjokkvåpen

Tryggleik handlar om tillit. Og tillit er eit sårbart prosjekt. Det handlar om å leggja livet sitt i den andre sine hender. Våga å stola på at bussjåføren din er som deg – utan tankar om å sprenga nokon i filler. Våga å stola på at dei som handlar på handelslaget er som deg, dei skal berre ha gulost og ketsjup. Tillit har prega det norske samfunnet meir enn dei fleste andre, og gjer det framleis. I Anundsen sine auge er det kanskje godtruande blomekrans-i-håret-filosofi. Tvert om er tillit eit rasjonelt fundament for eit moderne samfunn. Trygge borgarar er dei som har tillit til kvarandre.

Tillit er eit val. Ein kan faktisk vedta tillit. Britisk politi har gjort det, når dei framleis er uvæpna­ – etter over hundre år med terroraksjonar og terror­drap i gatene dei siste åra. Utan ord seier dei: Gamle og nye landsmenn, me har tillit til dykk. Og lar Hennar Majestet si etterretningsteneste og spesialavdelingar ta seg av dei det ikkje er grunn til å ha tillit til.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Kven ville du følt deg mest trygg saman med – ein roleg bobby i London, som konverserer høfleg og ikkje sjeldan smilande – eller ein Law Inforcement Officer i Washington som har handa på avtrekkjaren og lite tru på prat? Ein lensmann eg kjenner seier at «det kraftigaste våpenet me har i politiet er kommunikasjon». Ho er streng og vennleg, og har brukt mange fleire timar i ungdomstida på å snakka med folk enn å simulera skyting i eit handlekraftig dataspel. Borgarane ho og Anundsen skal verna, er menneske – ikkje brikker eller teknologi. Ekte menneske som ber ekte våpen signaliserer eigen frykt – og skapar frykt hjå andre menneske. Pistol er ikkje det kraftigaste verkemiddelet når ein skal skapa eit trygt samfunn.

Ann Kristin 
van Zijp Nilsen, kommunikasjonsleiar i Areopagos og redaktør for magasinet Tørst

Les mer om mer disse temaene:

Ann Kristin van Zijp Nilsen

Ann Kristin van Zijp Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter