Me kallar oss nordmenn, me, sa legen Wasim­ Zahid og politikaren Abid Q. Raja, då Aftenposten intervjua dei saman­ i 2006. Det har ikkje hindra­ media og storsamfunnet å halda fram med å kalla­ dei norsk-pakistanarar i ti år til. Det er ikkje nok at begge er fødde i Oslo, snakkar norsk med barna sine og at liva deira liknar meir på livet til majoritets­naboen deira i Bærum enn det mitt gjer. Det skal meir til.