Spaltist

Gud er ei sterk sol

Veit de kor varmt det er her?

Bilde 1 av 2
Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det finst mange forteljingar om Gud. Dei handlar av og til om barndom, ofte om skam og til slutt gjerne om ein Gud som har blitt borte. Slik er det også om eg skulle fortelje om Gud. Berre at i mi forteljing er ikkje Gud borte. Dette forundrar i alle fall meg sjølv.

LES OGSÅ: Anders Torp forteller om bruddet med pastorfaren Jan-Aage Torp, Oslokirken og demonutdrivelser

Noko anna som forundrar meg er all snakkinga om Gud, stadig oftare. På ulike arrangement vert det snakka høgt og lenge om Gud. Gud lurer seg inn på ein måte, og folk lar det skje. Kva tenker dei på? Kva skjer?

Eg kan ikkje la vere å raudne. Det er dei falda hendene, eg skammar meg over dei. Kort sagt er det slik: Ei tid var det forventa at eg skulle be. Då gøymde eg hendene under bordplata for å sleppe å falde dei. Og sidan, då ingen rundt meg forventa­ noko så absurd som bønn, falda eg dei på eiga hand, men gøymde dei. Det er slik det er å aldri bli heilt herre i eige hus, men dvele og forhandle med Røynda (=Gud).

LES OGSÅ: Vurderer tettere kontroll med trossamfunn for å sikre barn

Kanskje er det eit stikk av misunning, korleis folk kan nemne JAHVE utan frykt. Kanskje er det difor eg saknar mot-stemmene. Desse som skulle rope noko, høgt og skjerande, slik som:

Veit de kva de går til?

Veit de kor tappande det kan vere her inne?

Kor mange av oss som har prøvd å komme ut?

Ja, veit de kor varmt det er her?

Og så lurer eg:

Kva er det som trekker slik?

Kvifor vil ein som ikkje er fylt opp med forteljingar om Gud, Jesus, frelse og fortaping frå barndommen av, begynne med dette no?

Men ingen roper. Så eg, av alle, får spørje ­roleg, 
på vegne av meg sjølv, det knøttande vesle ­menneske (for du blir mindre med ein gong Gud blir til):

Veit de kor einsamt det kan bli her?

Og veit de kor lenge helvete varer?

Gud er ei sterk sol. Alt blir lyst gjennom. Alt blir sett.

Nei? Neivel?

LES OGSÅ: Ut mot Jesus Revolution: «Det ligger så mange lik langs veien»

Eit kor av prestar vil riste på hovudet. Ingen snakkar slik lenger, helvete er borte. Alt er fint. Gud er god. Eller kanskje er Gud blitt Gud, eller kanskje gud.

Det har tatt tid å skrive desse linjene: Eg er lei av religion, er skremd av den, som mange til og med skadd av den, men Gud er.

Eg trur vi er fleire som har slike blanda erfaringar. Noko tilseier at ein burde ha gått ut av det – det kristne fellesskapet, tankegodset, idéverda. Kanskje har ein gjort det også. Men likevel høyrer ein til. Ein blir, utan å svare til forventningane, som kan komme frå alle kantar, om kven du er når du er truande eller kristen eller religiøs.

Ein blir, for det finst ikkje noko å gå ut av, for du må vere der Gud er.

Dette er ikkje ei trusvedkjenning, det er heller eit uttrykk for ein ståstad. Ein stad det har vore ­strevsamt å vere og med til tider for sterk be­lysning. No ser eg det som ein plass eg kan ­begynne, ja, ­nærast som eit utgangspunkt for ein viss type utrop.

Laura Djupvik er forlagsredaktør, forfatter og spaltist i Vårt Land.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Spaltist