Spaltist

Frykta et sjela di

Er det verkeleg ingenting å vere redd for?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Vi har alle ting vi har vore redde for, som vi kan le av når vi berre får det på avstand.

I enden av bygda var det eit lite ­bustadområde som ein kalla Byggefeltet. Av ein eller annan grunn var eg som barn redd for Byggefeltet. Kva fanst her? Var det slemme menn? Fæle barn? Uhyrer? Frykta grunngir ikkje alltid sin eksistens.

Kvar sommar eg køyrer forbi denne vesle klynga­ med hus, må eg tenke på fantasiens kraft. For kva er det frykta lever av, om ikkje våre eigne ­førestillingar? Og eg undrar meg: Var eg verkeleg redd for dette?

Eg ler

Ein dag eg besøkte ei venninne som budde like ved byggefeltet, drog ho meg med over kanten til det ukjende. I Byggefeltet var det fleire barn i gata, ingen uhyrer! Med eitt stod dei framfor meg og spurde med nyfikne blikk: Kven er du?

Eg kan hugse ei lette i kroppen, som om eg med eitt kunne fly. Spenninga slapp taket og eg måtte gråte. Tårene pipla fram. Ein av ungane spurde:

Kva er det ho gret for?

Nei, ho gret ikkje, ho ler, sa ein annan.
 Og eg nikka og hiksta og lo:

Eg ler!

Og så lo dei med. Men eg visste jo at eg gret fordi eg hadde vore så redd. Og at eg no hadde sett at det ikkje var noko å vere redd for.

LES OGSÅ: «Velstand vil vi ha, selv om det på lang sikt kan true hele klodens overlevelse»

Helvete

Då eg vart eldre, frykta eg heilt andre ting. Helvete, til dømes. Eg visste jo om helvete, at somme kom dit, diverre. Men eg låg ikkje vaken om natta av frykt for helvetes lidingar før eg hamna på ein kristen folkehøgskule, der det heile vart malt ut for meg.

Eg hadde ikkje vore klar over kor farleg døden var. At han kunne gøyme endelaus liding, ei æve med einsemd. Fleire år enn eg kunne telle, vart eg fortalt. Den frykta var annleis, den kunne ikkje konfronterast. Eg kunne ikkje le eller gråte av lette.

Eg vart liggande i mi eiga seng og kjenne korleis dei opna seg: mørke rom fylt av ingenting.

LES OGSÅ: HELGENKÅRING: – Mor Teresa har fått et ufortjent godt rykte

Evig isolasjon

Ja, det er kanskje ei naudsynt erfaring: livet er fylt av mange tomme rom, men formulert som straff blir ein reddare. For redd. Fordømminga er jo personleg. Og kva var det frykta for helvete handla om? Var det verkeleg brennande flammar? Liding i ei uendeleg rekke av år?

Til slutt var det berre frykta for at noko skulle forsvinne under ein. Ei utestenging frå fellesskapet, ein evig isolasjon. Kven forstår alvoret i dette, og det sårbare i tilliten? Ingen andre enn dei same som planta desse ideane i ein. Kvar skal ein gå? Frykta gjer ein einsam.

Frykt høyrer sjølvsagt livet til, som noko både grufullt og naudsynt. Men det finst frykt som berre øydelegg, og då ikkje berre våre eigne liv, men dei vi gjer til våre fiendar. Dess reddare ein blir, dess mindre blir verda. Om ein blir seg medviten all den frykt som styrer ein, vil ein kanskje ut av det. Men korleis?

LES OGSÅ: Dette mener kirkefolk om Bjørn Eidsvågs Jesus-forestiling

Latterleg

Ein må overvinne frykta, heiter det ofte. Det trur eg knapt er mogleg. Frykta er alltid sterkare, den er knytt til ein idé eller ei førestilling og ikkje sjeldan får den hjelp av fantasien, eit boblande indre overskot. Ein må heller prøve å gløyme den.

Om ein klarer det i ein avgjerande augneblink, kan frykta misse taket. Då blir frykta sjølv desperat, hjelpelaus og latterleg.

Idet frykta buktar seg av garde, undrar ein seg: Var eg verkeleg så redd?

Følg oss på Facebook og Twitter!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Spaltist