Verdidebatt

Ein Gud for dei små eller store ting?

Seier vi at Bibelens ord er irrelevante for område så vesentlege som truskap, sex og samliv, endar vi fort opp med eit konturlaust sett «kristne verdiar» og ein Gud som er fjernt frå oss både i smått og stort.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Sofie Braut

Lektor og skribent

Rett som det er dukkar det opp diskusjonar om kristenlivet, om det vi kanskje kan kalla trua sitt mikrokosmos; den enkelte sitt åndelege liv. Progressive stemmer hevdar gjerne at vi må unngå å bli småkårskristne som dyrkar Gud på vår eigen vesle husmannsåker. Vi må løfta blikket frå småtinga når vi ber, for eksempel, for det er banalt å be Gud hjelpa meg å finna nøkkelknippet mitt når verda må takla klimasamanbrot og koronakrise. Gud har faktisk andre ting å ta seg av. Dessutan: korleis kan eg rekna med å bli bønnhøyrt når eg er så egoistisk at eg ber Gud rydda opp i min distré kvardag?

Unngå «åndeleg boble»

Ei anna formaning i same gata handlar om å unngå den såkalla «åndelege bobla», der langtekkeleg lovsong og annan livsfjern praksis viser trua på sitt mest interne. Mens eg står der og strekkjer hendene opp i noko som kan fortona seg som ei blanding av sjølvplaging og eigenpleie, er det ting som skulle vore gjort. Hender unyttig fektande i tilbeding er det ikkje mykje gagn i når det er ei heil verd å redda, og «når eg med Jesus åleine er», er eg unekteleg nokså avskoren frå å bidra.

Sex i Bibelen

Ein tredje variant peikar på at konsekvent teologi vert altfor teoretisk. Å søka til Bibelen for svar på viktige spørsmål, vert enkelt redusert til ei øving i bakstrevarskap. Det har dukka opp eit par svært illustrative døme nyleg, det eine ført i pennen av prest Gisle Sørhus som litt tidlegare i haust slo fast at tradisjonell Bibelsk lære knytt til truskap og ekteskap som ramme for sex «er lite hensiktsmessig», og at hans svar derfor blir «har du lyst, har du lov».

Meir interessant var kanskje bidraget til VID-førstelektor Halvor de Flon, som i eit stort innlegg nyleg skriv at ettersom Bibelen er «skrevet med utgangspunkt i en helt annen virkelighet enn den vi lever i nå» er han ikkje brukande som rettleiar på det seksuelle området. Sjølv om de Flon sjølv seier han ikkje har føresetnader for å delta i ein teologisk debatt om spørsmålet han tek opp, er det vel nettopp det han gjer, særleg når han knyter si eiga framstilling av Bibelens manglande relevans opp til Sørhus' argumentasjon. Det litt triste poenget er at prestens haldning til Bibelen er nøyaktig samanfallande med eit heilt sekulært syn som de Flons, som i si framstilling sidestiller Bibelen med «en hvilken som helst annen bok».

LES OGSÅ: Samlivspanelet: Hva er den teologiske begrunnelsen for å avstå fra sex før ekteskapet?

Kyrkje i krise

La meg også nemna det opplagde paradokset sidan vi likevel snublar over det her: I Den norske kyrkja er det faktisk for tida mindre kontroversielt at ein prest vel å sjå heilt bort frå Bibelens lære enn at ein annan prest vidarefører tradisjonelle Bibelske perspektiv på menn og kvinners ulike teneste. Det fortel om ei kyrkje i djup identitets- og integritetskrise.

Tanken om at Gud er for stor for mine småting, det å konstruera eit kunstig skilje mellom kristen tilbeding og «praktisk kristendom» og det å parkera Bibelen på sidelinja i etiske spørsmål er alle variantar av den same tankegangen. Han gir inntrykk av ei romslegare tru, men i realiteten vert trua gjort usynleg, irrelevant og identisk med dei idear som til ei kvar tid dominerer samfunnet.

Gud i dei små tinga

Den som trur at Gud hevar seg over det enkelte menneskets «banale» liv for å ta seg av dei store tinga, må rett og slett møta han på nytt! Gud er ikkje alltid ein annan stad. Bibelen fortel historia om at han endrar verda og historia nettopp gjennom enkeltmenneske som seier ja og gir seg over. Det finst ikkje ein arbeidsakkord vi skal halda tritt med i Guds rike; å tilbe er å få pusta ut i eit stille opprør mot prestasjons- og produksjonsjaget i samfunnet rundt oss. Bibelen er framleis den store forteljinga om at vi menneske treng å venda oss til Gud, ikkje på eit mystisk «overordna plan», men i dei viktige nærområda som livet faktisk byr på, i dei såkalla «små tinga» som, når vi skal vera realistiske, er dei områda vi menneske rår over.

Seier vi, som de Flon og prest Sørhus at Bibelens ord er irrelevante for område så vesentlege som truskap, sex og samliv, endar vi fort opp med eit konturlaust sett «kristne verdiar» og ein Gud som er fjernt frå oss både i smått og stort.

LES MER:

Parterapeut: «Oppfordringen om å vente med å gifte seg vil sannsynligvis føre til flere samlivsbrudd»

Alexis Lundh: «Jeg skulle inderlig ønske at vi som kirke snakket mer sant om seksualitet»

Ungdomsarbeider: – Flere i Den norske kirke deler sokneprest Gisle Sørhus sitt syn på sex før ekteskapet

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt