Brun fotball

Difor har ein fotball-uinteressert innflyttar forelska seg i ein fotballklubb.

Reportasje

Alle spelarane skal få bli med til tippeligaen! sa trenar Vegard Hansen, då bygdelaget Mjøndalen IF rykka opp. Det handla ikkje berre om ein sprø trenar. «Lagånd, innsats og kameratskap må alltid gå foran» har vore mottoet til «bruntrøyene» sidan starten og blei sagt av Einar «Gubbe» Andersen. Han var ein av smågutane som i 1913 starta forløparen til Mjøndalen IF i vedskjulet til Andersen-familien. I dag har bygda ny stadion, men over tribunen står det med store bokstavar: «Lagånd, innsats og kameratskap».

Denne veka starta dokusåpa på TV2 Zebra om «Alle gutta», annleis-laget frå Mjøndalen. For kyniske fotball-taktikarar verkar klubben sin kameratskaps-filosofi latterleg. Det hjelper jo ikkje med lagånd, når ein taper. Men for oss håplause romantikarar, er den mjøndalske motkulturen eit lyspunkt i den kapitalherja elitefotballen. For kva hjelper det å halda eit internasjonalt nivå på idretten, om publikum mistar trua på sjølve sjela til fotballen? Når både verdsmeisterskapa Noreg drøymer om å komma til, og dei internasjonale fotballorganisasjonane, ser ut til å vera korrupte?

LES OGSÅ: «Slik Jesus ville at fotball skulle spilles»

«Fotball utvikling»

Då eg flytta til Mjøndalen i 2013, blei fotballsatsinga for barn og ungdom kalla «breiddefotball». Men så skaffa klubben seg profesjonelle spelarutviklarar, og breiddefotballen blei «Fotball utvikling». Eitt av verkemidla dei ønskjer er såkalla «nivåøkter», treningsøkter der ein deler ungane inn etter ferdigheitsnivå: dei flinke og dei mindre flinke. Noregs Fotballforbund har nyleg komme med ei ny utgåve av «skoleringsplanen for barnefotballen». Der er differensiering av spelarar eit viktig middel for å halda oppe progresjonen.

Ein mjøndøling med lang fartstid som trenar på både smågute-nivå og elitenivå, har fortalt meg at statistisk sett dukkar det opp eit stort fotballtalent i bygda omtrent kvart åttande år. Skal ein ofra åtte kull med ungar, på nivådeling og straumlinjeforma treningsplanar, for å få fram det eine talentet?

LES OGSÅ: «Våte drømmer kan man ofte med fordel holde for seg selv. Idrettspresidenten gjør det ikke»

Eit par sveittedråpar

Utviklingsavdelingane rundt omkring i landet vil sjølvsagt at dei talenta skal dukka opp oftare. Det verkar nesten som ein sovjetisk draum. For all forsking viser at du må øva i minst 10.000 timar for å bli skikkeleg god i noko. I det havet, er dei to klubbtreningane per veke som eit par sveittedråpar. Zlatan Ibrahimović blei ikkje verdsstjerne av treningsopplegget på gutelaget, men fordi han aldri gjekk ein meter utan å triksa med fotballen, sjølv når han berre skulle ut med søpla for mora.

Dei færraste norske foreldre drøymer om at sonen skal bli ein ny Zlatan, eller dottera ei ny Marta, sjølv om ungane gjer det. Dei vil berre gi dei eit sunt og godt liv, med idrettsglede og venner. Dei vil at det skal bli skikkelege folk av ungane.

Følg Vårt Land på Facebook og Twitter!

Dannelse

Foreldra som er friviljuge trenarar her i bygda har ein tydeleg filosofi: Ungane skal vera greie mot kvarandre, bli gode til å samarbeida og helst kameratar for livet. I tillegg skal dei spela reint og oppføra seg skikkeleg overfor motspelarane. «Ein gut frå eit motstandarlag sa til meg at det kjekkaste i heile sesongen er å spela mot Mjøndalen, for dei er alltid det hyggjelegaste laget i serien. Det gjer meg så stolt av dykk, gutar!» høyrde eg trenaren seia til smågut-laget sitt.

Dette var ikkje pludring frå ein som ikkje bryr seg om resultat. Han er gamal noregsmeistar.

Einar «Gubbe» Andersen, han som sa «Lagånd, innsats og kameratskap må alltid gå foran», stod i spissen då Mjøndalen var i Noregs-toppen gjennom heile 1930-åra.

Prestasjonskulturen som set lagånd først ser ut til å ha lengre levetid enn spelarutviklingsplanar. Er det rart ein innflyttar har forelska seg i denne klubben? Eg har til og med blitt interessert i fotball.

Les mer om mer disse temaene:

Ann Kristin van Zijp Nilsen

Ann Kristin van Zijp Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje