Når gamle heltar fell

KOMMENTAR: 'Alt eg vil er å leve i lyset', song Michael Tait. No veit vi at han levde i mørkret. Kan eg framleis høyre musikken hans på same måte?

Publisert

Dei siste vekene er det ei speleliste i musikkspelaren min som har fått køyrt seg litt ekstra. Eg har humoristisk kalla den «Gammalt rask», men kunne like gjerne kalla den «Lyden av ungdom». Her finst det faste tonefølget frå tjue år tilbake, samla saman frå leir, stemner, korøvingar og ungdomsgruppe: lovsong og kristen populærmusikk frå 90- og tidleg 2000-tal.

Eg lyttar ikkje mykje til denne musikken til dagleg, men den er del av meg på ein måte eg ikkje kan gjere reie for: sangtekstar eg kan på rams viss eg høyrer dei første tonane, melodiar som kallar på minner.

Den siste tida har likevel eit utval av songane på lista blitt gjenstand for uvanleg mykje tankeverksemd frå mi side. Eg veit nemleg ikkje om eg kan høyre dei på same måte lenger. 

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP