Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innholdet.
Ein av dei mest ekstreme ministrane i den israelske regjeringa, finansminister Bezalel Smotrich, sa denne veka at Gaza vil bli «heilt øydelagt» og at palestinarane som bur der vil bli «konsentrert» i små område. Han representerer den ytterleggåande og høgreekstreme delen av busettarrørsla i israelsk politikk, men er per dags dato ein del av Benjamin Netanyahu si regjering.
Smotrich meiner det er snakk om få månader før heile Gaza er øydelagt, og at Israel kan «erklære at vi har vunne». Smotrich har som mål å etablere israelske busettingar også på Gaza. I talen som han heldt på ein konferanse for busettarar, sa Smotrich også at Israel vil annektere Vestbredden innan regjeringas periode er slutt, som vil seie innan oktober neste år. Det er heilt i strid med internasjonale konvensjonar og forpliktingar Israel har.
Folkerettsbrot
Tidlegare har det vore mogleg å skilje mellom utsegner frå ekstreme talspersonar som Smotrich og den offisielle politikken til Israel. Det blir stadig vanskelegare, ettersom Smotrich og hans rørsle får eit større grep om regjeringas politikk, velsigna av Donald Trumps politikk for Midtausten.
Å tvangsflytte folk på den måten israelarane tilsynelatande er i gong med, er i strid med grunnleggande menneskerettar og reglar for krig. Det er ikkje mogleg for oss å ignorere eller bortforklare så grove brotsverk. Det må fordømmast i klare ordelag og dokumenterast breitt til ei framtidig rettssak
Benjamin Netanyahu og det israelske forsvaret har sagt at dei har sett i gong ein operasjon for å ta større delar av Gaza, og at planen er å halde territoriet. Planen om å gjere større delar av Gazastripa om til eit militært område utilgjengeleg for palestinarane som bur der, skal vere godkjend av den israelske regjeringa. Netanyahu sa sjølv at planen inneber å flytte palestinarane som bur på Gazastripa «for å beskytte dei».
Gaza-plan
Det blir stadig klarare for fleire at Israels krigføring på Gazastripa er ute av proporsjonar. Dei folkerettslege brota Israel ser ut til å gjere seg skuldige i, er tilsynelatande så grove at israelske politikarar ein dag vil måtte stå til ansvar for overgrepa i ein domstol.
Det finst framleis fleire israelske gislar på Gazastripa og den bestialske terroren den 7. oktober ramma Israel hardt. Likevel er ingen av desse faktuma legitime grunnar til å gå så hardt til verks som Israels regjering gjer.
Å tvangsflytte folk på den måten israelarane tilsynelatande er i gong med, er i strid med grunnleggande menneskerettar og reglar for krig. Det er ikkje mogleg for oss å ignorere eller bortforklare så grove brotsverk. Det må fordømmast i klare ordelag og dokumenterast breitt til ei framtidig rettssak.