Leder

Landslova: Kamp mot korrupsjon og inhabilitet

Kontroll med forvaltinga, uhilde forvalting og kamp mot korrupsjon var viktig for Magnus Lagabøtes landslov.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Dersom nokon dreiv bedrageri eller juksa med handel, hadde kongen rett på bøter. Sysselmannen var den som kravde inn bota, og som sjølv hadde rett på delar av den. Det gav sysselmannen ei eigeninteresse i å skru opp storleiken på bedrageri eller lovbrot, for deretter å kunne kreve inn større bøter.

Rettferdige avgjerder

Landslova slo derfor fast prinsippet om at det ikkje var kongens sysselmann eller ombodsmann som skulle vurdere alvorsgraden på bedrageri og lovbrot, men uavhengige bønder utan eigeninteresse i storleiken på bøtene. Det viser korleis Landslova var oppteken av uhilde forvalting, og kontroll med forvaltinga.

Det same engasjementet mot urettferd kan vi finne att i lovregelen om dei som har gjort seg skuldig til straff, der Landslova slår fast at ein må vakte seg for urettferdige dommar. Der kom det til syne ei velutvikla forståing for korleis korrupsjon fungerte, og korleis ein skulle kjempe mot dette. Kong Magnus Lagabøte, og sonen Håkon 5. i mange av hans tilleggslover, kjempa mot korrupsjon i forvaltinga og domstolane. Det skjedde allereie før mange europeiske land hadde eit omgrep for korrupsjon.

Dette fordi korrupsjon, handelsfusk og venskapskorrupsjon var med på å øydelegge tilliten i samfunnet.

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Leder