Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.
Magnus Lagabøtes landslov endra måten folk i Norge tenkte om politikk.
Landslova regel nummer II-7 slo fast at kongen skulle vere forplikta til å overhalde lovene for undersåttane sine og forbetre dei.
Plukka opp av ideologiar
For at han skulle klare det, måttte han love den følgande eida til folket sitt: «Det lover jeg Gud og hans hellige, og dette hans folk som jeg uverdig er satt over, at jeg skal holde de kristne lover som den hellige kong Olav satte, og andre hans rette etterfølgere nå har samtykt i mellom kongen og dem som bygger landet, med begge parters samtykke, og i samråd med gode menn forbedre lovene etter den forstand Gud gir meg».
Slik vart kongane i Norge «tvungne» av lovverket til å tenke større enn seg sjølv.
Vidare slo lovregelen fast at kongen ikkje berre var pliktig til å halde denne eida overfor dei som var til stades på tinget hos han, men òg for alle han stod i teiknskuld til. Det var presisert at det gjaldt «fødte og ufødte». Det var Håkon Håkonson, far til Magnus Lagabøte, som innførte eiden.
I kristen politisk tenking har tanken om det felles beste stått sentralt. Den skil seg frå tanken om eige beste, som vi har sett eksempel på frå herskarar mange gonger gjennom historia.
I katolsk sosiallære har denne tenkinga seinare blitt definert som summen av sosiale vilkår som tillét menneske, enten som grupper eller individ, å nå sitt potensial lettare og meir heilskapleg. Denne tanken har seinare blitt plukka opp av fleire politiske ideologiar, til dømes i europeisk kristendemokratisk tenking. Der har den blitt vidareutvikla til både subsidiaritetsprinsipp og solidaritetsprinsipp.
Alle måtte inkluderast
Vi ser spirene til desse prinsippa i landslova. Til dømes legg formuleringa om eidssverjing tydelege grenser for kongens makt. Han kan ikkje berre følge sine eigne behov, men må også tenke på kva konsekvensar lovene får for resten av folket – både fødde og ufødde.
Slik vart kongane i Norge «tvungne» av lovverket til å tenke større enn seg sjølv. Alle borgarane måtte inkluderast i samfunnet, basert på samarbeid og gjensidig forståing.