Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.
Vi har allereie brukt mykje av året til å feire Magnus Lagabøtes landslov av 1274. Ikkje utan grunn: Den stod for ei radikal omvelting av samfunnet vårt.
Rettshistorikar og forfattar Jørn Øyrehagen Sunde har skrive om korleis den unge Magnus som tiåring i Bjørgvin overlevde eit lynnedslag, med det han sjølv opplevde som eit Guds mirakel.
Eit tidleg maktfordelingsprinsipp
Når vi på leiarplass i Vårt Land skal løfte fram dei åtte viktigaste reglane frå landslova denne sommaren, er det derfor naturleg å peike på Landslova II-2, der det mellom anna står følgande «Om den kristne tro»: «Kongen har verdslig makt fra Gud til verdslige saker, og biskopen åndelig makt til åndelige saker. Hver av dem skylder å styrke den andres makt i rette og lovlige saker, og vedkjenne seg at de har makt og herredømme fra Gud og ikke fra seg selv, fordi de er Guds ombudsmenn».
Då lova kom i 1274 hadde Norge og norsk rett allereie vore påverka av kristninga i fleire hundre år. At Gud vart den absolutte autoriteten for både den geistlege og den verdslege makta, kom tydeleg fram i Magnus Lagabøtes landslov.
I formuleringa om at «hver av dem skylder å styrke den andres makt i rette og lovlige saker», var det også ein tidleg versjon av eit maktfordelingsprinsipp mellom kongemakta og kyrkja. Seinare har vi fått ein meir finmaska maktfordeling. Magnus Lagabøte var på den måten ein framsynt mann.
Det er vanskeleg å overvurdere effekten denne lova har hatt på det samfunnet vi dagens menneske lever i.