Leder

Ikkje rom i herberget

Utfallet kan bli at staten ikkje vil gi husly til dei svakaste i Oslo. Det er fullstendig feilslått politikk frå ei regjering som er ideologisk blinde

Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innholdet.

I 2009 oppfordra Aps helseminister, Bjarne Håkon Hansen, Kirkens Bymisjon til å etablere eit tiltak som kunne hjelpe dei mest utsette som lev på gata i Oslo. Helseministeren bad om at det blei «iverksette tiltak for å oppnå bedre helse og økt sosial inkludering for de mest utsatte rusavhengige».

Kirkens Bymisjon etablerte 24Sju, eit døgnopent tilbod til dei mest utsatte rusavhengige i Oslo. På det meste har 24Sju hatt omtrent 100 brukarar i døgnet.

No må dei truleg stenge døra. Nylig publiserte Vårt Land saken «Davids rusomsorg står i fare for å forsvinne»

Ønsker færre ideelle aktører

For i 2024 seier Aps helseminister at vi skal ha færre ideelle aktørar med faste postar på statsbudsjettet. Det betyr at Kirkens Bymisjon ikkje lenger får midlar til å drifte 24Sju frå ei ordning dei har nytt godt av i 15 år. Det er ein underleg u-sving frå ei regjering som verker til å ikkje forstå konsekvensane av eigen politikk.

Det er underleg at ei regjering som ofte snakkar om dei fattige og dei utstøytte, no har bestemt seg for å kutt tilbodet til nettopp dei fattigste og mest utstøytte blant oss

For dette rammar dei svakaste av oss. Kirkens Bymisjons tilbod er retta inn mot dei meste utsatte, dei som har hamna utanfor vårt rike, velferdssamfunn. Ei regjering som ofte snakkar om dei fattige og dei utstøytte, har no bestemt seg for å kutte tilbodet til nettopp dei fattigste og mest utstøytte blant oss.

Men det er også merkeleg at dette går ut over Kirkens Bymisjons tilbod. Til vanleg kjem dei ideelle aktørane til staten med eit prosjekt som dei ber om støtte til. I denne saken er det heilt motsett. For det var regjeringa i 2009, også leia av Arbeidarpartiet, som oppfordra Kirkens Bymisjon til å starte opp eit tilbod for dei svakaste. 24Sju er eit svar på på dette, og Kirkens Bymisjon fortener ros for korleis dei har bygd opp og drifta denne rusomsorgen. Det gir ingen meining at ei regjering leia at det same partiet som oppfordra Kirkens Bymisjon til å starte opp eit tilbod som 24Sju, no viser organisasjonen til ei meir usikker ordning.

«Et trygt tilbud»

– På 24Sju får eg hjelp med medisinane mine, og eg slepp å bli lagt inn. Her kan eg få noko å ete, her får eg sove over når det trengst. Her kan eg også sove utanfor, på gata, for det er trygt, fortel David om tilbodet 24Sju til Vårt Land i dagens avis.

Kven veit kva David og andre rusavhengige no må ta til takke med. For vårt rike land og mektige regjering, er det vanskeleg å forklare kvifor det ikkje er rom i herberget for våre mest utsatte.




Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Leder