Venstre har heilt rett

Stortinget må få på plass eit lobbyregister. Motargumenta held ikkje vatn.

Grunde Almeland (V) i vandrehallen på Stortinget etter at EOS-utvalget tirsdag leverte meldingen om undersøkelsen av E-tjenestens rolle i 25. juni-skytingen i Oslo. Foto: Terje Pedersen / NTB
OPENHEIT: Venstres taleføre stortingsrepresentant Grunde Almeland meiner Norsk Industri-saka viser at denne typen påverkingsarbeid bør offentlegheita ha større innsyn i enn vi har i dag. Han og partiet bør få gjennomslag, skriv Vårt Land på leiarplass.
Publisert Sist oppdatert

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

E24s avsløring om at mangeårig direktør i Norsk Industri Stein Lier-Hansen disponerte ei hytte og jaktområde på Hardangervidda mellom 2015 og fram til i fjor haust, viser for alvor behovet eit lobbyregister. Jaktområdet vart brukt til relasjon- og nettverksbygging. Problemet er at vi ikkje veit kva eventuelle politikarar som har blitt påverka.

Det heng saman med statsvitar-nestoren Stein Rokkans berømte sitat: Stemmer tel, men ressursar avgjer. I vårt demokratiske maktsystem er det ikkje berre veljarane sin vilje som skjer.