Leder

Putin-showet var propaganda, ikkje journalistikk

Tucker Carlsons såkalla intervju med den russiske presidenten fungerte som eit russisk propagandastunt. Som eksempel på historiemanipulasjon, propaganda og russisk imperialisme, var det reine ord for penga.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Den tidlegare Fox News-programleiaren Tucker Carlson kallar seg journalist og prøver å opptre som ein. Det gjorde han òg då han kringkasta det over to timar lange propagandashowet med Vladimir Putin frå Moskva til sine følgarar. Carlson stilte Putin få reelt kritiske spørsmål. Journalistikk handlar om å rapportere fakta og sanning, og skilje det frå løgn og propaganda.

«Dersom nokon seier at det regnar ute og ein annan person seier at det er tørt, er det ikkje jobben din å sitere begge. Det er jobben din å sjå ut av vindauget og vurdere kva som stemmer», har den egyptiske journalisten Shahira Amin formulert som journalistikkens grunnregel.

Verre enn nyttig idiot

Den amerikanske Putin-apologeten Tucker Carlson har for lengst forlate desse ideala, og fortener dermed heller ikkje tittelen journalist. Han har tidlegare blitt kritisert for å vere ein nyttig idiot for russarane. Det viste han i høgste grad i går at han var.

Carson forsøkte også å gje inntrykk av at ingen andre journalister har ønska å høyre Putins side av historia. Dette er rein løgn. Sanninga er at ei rekke vestlege medier har forsøkt å få intervju med Putin utan å lukkast. Årsaken er truleg at Putin ikkje ønsker å svare på kritiske spørsmål frå vestlege medier.

I det såkalla intervjuet fekk Putin uimotsagt presentere sin versjon av historia. Til dømes sa russaren at «Russland vil ha fred. Ukraina og Vesten ønsker ikkje det». Han er samstundes ansvarleg for den første fullskala invasjons- og angrepskrigen i Europa sidan 1945. Han kalla også den ukrainske staten «ein kunstig stat», og at vestlege land brukar «ein innbilt russisk trugsel» for å skremme befolkningane sine.

Vanlege folk kan få inntrykk av at det Carlson driv med kan kallast journalistikk. Det er det ikkje. Orda propaganda og propagandashow er langt meir treffande.

Det såkalla intervjuet tener ingen annan sak enn å gje Vladimir Putin ein kanal for å formidle propagandaen sin inn til amerikanske og vestlege borgarar, og samtidig vise sitt eige folk at hans fortelling står seg i møte med vestleg presse. Det er godt mogleg Putin sjølv trur på løgnene han serverer. Det er i så fall det mest interessante vi kan lære av seansen.

Propaganda og propagandashow

Historia er full av eksempel på tidlegare journalistar som har gått same veg som Carlson, over i rekkene til å tene autoritære regimer og diktatur. Mange medium – også i Norge – refererer konsekvent til seansen mellom Carlson og Putin som eit intervju. Tucker Carlson blir også omtala som journalist. Begge delar er høgst problematisk, og vi bør vere meir sparsomme med å bruke slike omgrep om aktiviteten til aktørar som Carlson.

Vanlege folk kan få inntrykk av at det Carlson driv med kan kallast journalistikk. Det er det ikkje. Orda propaganda og propagandashow er langt meir treffande.





Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder