Leder

No må vi stå opp mot jødehatet

Norge er eit av landa i Europa med minst jødisk befolkning. Vi har ei plikt til å skaffe oss kunnskap om korleis antisemittismen ser ut og stå opp mot den når vi ser den.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Det var måndag denne veka at Det Mosaiske Trossamfund (DMT) varsla om auka hærverk og trugslar mot jødar i Norge. Dei peika mellom anna på at jødiske familiar i Norge ikkje kjenner seg trygge i eigne heimar. Dei har opplevd fleire trugande hendingar dei siste dagane.

Pressemeldinga frå DMT var sterk lesing og fekk det til å gå kaldt nedover ryggen på mange. Mellom anna skal jødar i Norge ha fått skore opp barnevognshjul og blitt vekka på natta av nokon som har prøvd å opne inngangsdøra deira. Ein jødisk gut på ein ungdomsskule skal ha blitt truga med at huset hans skulle bli bomba.

Varsku for Norge

Det er fullstendig uakseptabelt at jødar i Norge ikkje kan kjenne seg trygge i heimane sine. Det er ikkje ein situasjon vi kan leve med. Det bur knappe 1.500 jødar i Norge. Det er blant dei minste jødiske befolkningane i Europa. Ansvaret for å påpeike jødehat og opplyse om kva det er, er eit tungt ansvar å legge på ein minoritet. Derfor er det vår felles plikt å stå opp for minoritetar som kjenner seg truga.

Krigen mellom Hamas og Israel har ført til ei oppblomstring av jødehat og åtak mot jødar over heile verda.

Her kan vi som samfunn nesten ikkje vere for forsiktige. PST og andre etatar som har som jobb å halde oss trygge, må få alle ressursane dei treng til å halde jødar i Norge trygge.

Det bør ikkje eingong vere naudsynt å vise til dei historiske erfaringane norske jødar har. Det Mosaiske Trossamfund har dessverre rett når dei kallar situasjonen «et varsku ikke bare for vår minoritet, men demokratiet i Norge»

SVs partileiar Kirsti Bergstø kommenterte pressemeldinga med å seie at «det er Hamas og Israel som er ansvarlege for sine handlinger, ikkje jøder og palestinere». Det er rett haldning.

Kunnskap og sei ifrå

Frps partileiar Sylvi Listhaug kravde umiddelbart at den norske regjeringa set i verk alle moglege tiltak for å sikre synagogar og den jødiske befolkninga i Norge.

Her kan vi som samfunn nesten ikkje vere for forsiktige. PST og andre etatar som har som jobb å halde oss trygge, må få alle ressursane dei treng til å halde jødar i Norge trygge.

Vi andre må skaffe oss all kunnskapen vi kan om korleis jødehatet ser ut i vår nærleik, og så må vi tørre å seie ifrå når vi ser antisemittismen.




Vårt Land

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Leder