Leder

Eit vern mot mistillit

Redaktørplakaten fylte 70 år denne veka. Det er verd ei feiring og ein refleksjon verd i verdas mest pressefrie land.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Dei siste åra har omgrepet «redaktørstyrte medier» blitt vassmerket på den delen av medielandskapet som er redigerte, seriøse og faktabaserte. I ei tid med framvekst av falske nyheiter og mykje støy i sosiale media, er dei redaktørstyrte mediene blitt endå viktigare.

Fri for påverking

Det er inga sjølvfølge at dei viktigaste redaksjonane i Norge er styrt av redaktørar. I mange land og demokrati Norge kan samanlikne seg med har eigarane langt større påverknad på dei redaksjonelle vurderingane. Utan Redaktørplakaten som såg dagens lys i 1953, ville mykje vore annleis også her heime.

Sjølve opphavet til Redaktørplakaten er interessant lesing, der det starta med utforminga av nye vedtekter i Østlandets Blad i 1947. Dåverande redaktør Harry Harsson fekk inn ei formulering om at han skulle vere uavhengig av press frå styre eller særinteresser. Det vart starten på eit viktig arbeid.

Vi skal ikkje undervurdere effekten av at norske medier er så frie som dei er.

I 2009 vart Redaktørplakaten også norsk lov, då kjerna i plakaten vart lovfesta. Formaliseringa gjennom lovverket har utvilsamt vore viktig for å styrke redaktørane si rolle som uavhengige leiarar for sine redaksjonar.

Utmerka forretningsmodell

Vi skal ikkje undervurdere effekten av at norske medier er så frie som dei er. Det gjer ikkje berre at media i større grad er i stand til å utføre jobben som fjerde statsmakt, utan å ta omsyn til maktpersonar eller andre bindingar. Det gjer også at folk sin tillit til det media skriv om, er større. Det er ikkje rart, fordi redaktørstyrte medier har større insentiv til å levere sannferdig journalistikk enn medier som er styrt av bindingar eller særinteresser.

I eit innlegg på Journalisten.no skriv styreleiar og generalsekretær i Norsk redaktørforening, Tora Bakke Håndlykken og Reidun Kjelling Nybø, at dei frå utanlandske kollegaer ofte får spørsmål om kvifor norske medieeigarar er villige til å gje frå seg så mykje av styringsretten til redaktøren. Svaret er enkelt, skriv dei to: «Fordi journalistikk som du kan stole på, er en utmerket forretningsmodell».

Det er grunn til å feire Redaktørplakaten som saman med Vær Varsom-plakaten utgjer grunnplankane for den frie norske pressa, og reflektere over korleis vi kan sikre frie og uavhengige medier også om 70 år.


Vårt Land

VL anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Leder