Leder

Takk for innsatsen, Raymond Johansen

Påtroppande byrådsleiar Eirik Lae Solberg takka Raymond Johansen for innsatsen etter ti år. Maktskiftet i Oslo viser norsk lokaldemokrati på sitt beste.

Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innholdet.

Måndag kveld var det klart at ei blå bølgje feier inn over landet.

For første gong sidan 1924 heiter det største partiet i norsk politikk Høgre.

Bestod testen med glans

I Oslo, Bergen, Stavanger og Kristiansand ligg det an til maktskifte, og nå byrjar kampen om verv og politikk.

Klokka 21 måndag kveld kunne tusenvis av valgfunksjonærer landet rundt slappe av. Dei er ei heilt avgjerande brikke i det demokratiet som fungerer så godt i Norge.

Eit maktskifte i ordna former er testen på eit velfungerande demokrati. Den testen bestod landet med glans.

Gratulerte sin motstandar med sigeren

Då Høgre sin byrådsleiarkandidat Eirik Lae Solberg og Aps sittande byrådsleiar Raymond Johansen møttest på Politisk Kvarter på NRK tysdag morgon, vart dette understreka.

– Det er berre å gratulere Eirik med ein borgarleg valsiger, sa ein trøytt Johansen, før han varsla at han tar ein tur på fjellet.

– Eg vil nytte høvet til å takke Raymond Johansen for jobben han har gjort i åtte år, sa Lae Solberg.

Slik ser eit verdig maktskifte ut. Hovudstaden har dessutan mykje å takke Johansens byråd for.

Eit maktskifte i ordna former er testen på eit velfungerande demokrati. Den testen bestod landet med glans.

Bør følgje opp viktig miljøpolitikk

I åtte har han styrt byen saman med SV og MDG. Johansen-byrådet skal ha ros for å ta viktige grep, mellom anna på miljøfeltet. Bygging av sykkelvegar, grøn byutvikling, reduksjon av biltrafikken og målet om utsleppsfri transport på vegar og på sjøen er viktige politikkområde å følgje opp.

For sjølv om miljøpartiet MDG gjekk kraftig tilbake i valet, betyr det ikkje at veljarane har stemt nei til klima og miljø. Både Høgre, KrF og Venstre har lova sine veljarar ein offensiv miljø- og klimapolitikk.

No blir det Lae Solbergs oppgåve å ikkje gi vekk god miljø- og klimapolitikk i forhandlingar med Framstegspartiet.

Vi unngår polarisering

Å jobbe mot fattigdom og ulikskap er andre felt som borgarleg side nå bør prioritere. På begge desse områda ligg dei beste løysingane i sentrum av det politiske spekteret.

Dessverre er det i stadig fleire demokratiske land ein polarisert politisk kultur som øydelegg for breie politiske løysingar over tid. Her har vi i Norge så langt unngått polariseringa som set andre demokrati på prøve, ifølgje Institutt for samfunnsforskning.

Påtroppande byrådsleiar Eirik Lae Solberg har store oppgåver som ventar. Måten han overtok makta i Oslo viser at tilstanden til det norske lokaldemokratiet er god.


Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder