Leder

Gatekampar er aldri akseptabelt

Gatekampane mellom eritreiske innvandrargrupper i Bergen er langt over det storsamfunnet skal akseptere. Politiet bør lære av situasjonen som i helga kom heilt ut av kontroll.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Mange var vitne til opprørande bilete og videoar frå Bergen laurdag, der to grupper av eritreiske innvandrarar barka mot kvarandre i det som kan karakteriserast som gatekampar. Ved bruk av stein og slagvåpen kjempa demonstrantar mot kvarandre, og mot politiet. Opptøyane oppstod i forbindelse med eit eritreisk arrangement i regi av Den eritreiske foreningen, for å markere 30-årsdagen for eritreisk sjølvstende.

Laurdag var også over 150 personar vart skadde i samanstøyt mellom demonstrerande eritreiske asylsøkjarar og politi i Tel Aviv. Tidlegare i sommar skjedde det same under eit eritreisk festival i Stockholm.

Alvorleg åtak på valdsmonopolet

Arrangøren i Bergen vert skulda av motstandarane for å støtte opp om regimet til den eineveldige Isaias Afwerki. Han har styrt Eritrea sidan landet frigjorde seg frå Etiopia i 1993. Det er heilt på det reine at Afewerki har gjort Eritrea til eit av verdas mest autoritære land. Det er òg på det reine at Afewerkis regime har mange lojale tenarar blant diasporaen i Norge og andre vestlege land.

Det er gode grunnar til å demonstrere mot folk som hyller regimet til Isaias Afewerki i Eritrea, men å bruke vald er ingen god strategi for å oppnå støtte frå nokon.

Ved kampane i Kong Oscars gate på laurdag var det mest alvorlege at demonstrantane ikkje berre slost seg imellom, men at dei attpåtil gjekk til åtak på politiet. Det er eit alvorleg åtak på det norske valdsmonopolet.

Politiet bør skjerpe beredskapen

Både statsminister Jonas Gahr Støre og opposisjonsleiar Erna Solberg bad om ro i helga då opptøyane oppstod. Støre sa at «det er helt uakseptabelt å bruke vold og gå til voldelige konfrontasjoner og angrep på politiet i Norge». Det har han heilt rett i. Solberg bad klokleg demonstrantane om å halde opp og dra heim.

Det er gode grunnar til å demonstrere mot folk som hyller regimet til Isaias Afwerki i Eritrea, men å bruke vald er ingen god strategi for å oppnå støtte til si sak.

Politiet bør også ta sjølvkritikk på at beredskapen ikkje var meir føre-var på laurdag, og at det dermed fekk utvikle seg til regelrette gatekampar i Bergen. Det er heldigvis ikkje kvardagskost i Norge. Slike scener skapar likevel ei kjensle av utryggleik vi har vore skåna for i Norge. Det bør vi også vere i framtida, og politiet må få alle ressursane dei treng for å hindre at det same skjer igjen.





Vårt Land

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Leder