Leder

Vårt Land: «Likskap for lova må også gjelde Trump»

Ingen fri og rettferdig rettsstat kan ta omsyn til politikk. Derfor er det rett at Donald Trump får same behandling som vanlege amerikanarar i det amerikanske rettsapparatet.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

I forkant av at statsadvokaten i New York tok ut tiltale mot Donald Trump for forfalsking av rekneskap, uttalte fleire seg om korleis ein tiltale kunne påverke Trumps politiske moglegheiter. Ei utbreidd oppfatning var at ein tiltale ville styrke Trumps sjansar i kampen om å bli nominert som republikansk presidentkandidat. Derfor har fleire konkludert som den amerikanske programleiaren, komikaren og TV-kjendisen Bill Maher om at det er «ein kolossal tabbe» å tiltale Trump.

Farleg og konspiratorisk tankegang

Det byggjer på ein farleg og konspiratorisk tankegang om at rettssystemet her berre tar politiske omsyn. I det republikanske partiet og blant Trumps støttespelarar er det mange som meiner tiltalen mot Trump er politisk motivert. I ei undersøking Ipsos har utført for Reuters, seier 40 prosent av republikanske veljarar at tiltalen har gjort dei meir villige til å stemme på Trump.

Å tiltale Donald Trump er i tråd med prinsippa rettsstaten er bygd på, så får den komande rettssaka vise om han er skuldig eller uskuldig.

—  Vårt Land

Det er fleire usunne symptom ved det amerikanske demokratiet, men vi kan framleis lene oss til ei tru på at i alle fall rettssystemet i stor grad er fritt og rettferdig.

I tråd med rettsstatens prinsipp

Ettersom statsadvokaten i New York har grunn til å tru at Donald Trump har vore ansvarleg for forfalsking av rekneskap, ville det vore i strid med prinsippa om likskap for lova dersom Trump ikkje hadde blitt tiltalt. Det mest kjende tilfellet av forfalsking gjeld ei uriktig bokføring av såkalla «hysjpengar» på 130.000 dollar til pornoskodespelaren Stormy Daniels. Å ikkje tiltale Trump ville vore ei politisk vurdering som ville svekkja tilliten til rettssystemet, demokratiet og dei liberale prinsippa i den amerikanske grunnlova.

Den vurderinga må takast for alle personar i alle demokratiske land – heilt utan å blande inn korleis det vil påverke eit eventuelt presidentval eller andre politiske prosessar.

Derfor er det rett at Donald Trump får same behandling som vanlege amerikanarar i det amerikanske rettsapparatet. Å tiltale han er i tråd med prinsippa rettsstaten er bygd på, så får den kommande rettssaka vise om han er skuldig eller uskuldig.




Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder