Leder

Staten har brukt for lang tid på Fosen-saka

Torsdag førre veke var det fem hundre dagar sidan Høgsterett slo fast at vindturbinane som er i full drift på Fosen, bryt samiske menneskerettar. No må Støre kome med ei løysing til Stortinget.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Demonstrasjonane i og utanfor Olje- og energidepartementet (OED) kom ikkje utan grunn. 11. oktober 2021 erklærte Høgsterett at vindkraftutbyggingane to stader på Fosenhalvøya strir mot urfolks rettar. At vindturbinane framleis er i drift så lenge etterpå, medan OED greier ut korleis dei skal løyse saka, skapar forståeleg nok frustrasjon og manglande tillit. For mange vert det opplevd som at regjeringa trenerer ei domsavgjerd.

Historiske assosiasjonar

Torsdag førre veke — på dagen som markerte at det hadde gått fem hundre dagar sidan Høgsterett sin konklusjon — byrja samiske demonstrantar og naturvernarar ein aksjon som sperra inngangen til OED. Natt til måndag, rett etter at den kjende klimaaktivisten Greta Thunberg kom til demonstrasjonen, slo politiet til og frakta fleire demonstrantar til Politihuset.

Seinare måndag heldt demonstrasjonane fram med full styrke. Regjeringas støtteparti SV har varsla at dei vil kalle inn statsminister Jonas Gahr Støre for å greie ut overfor Stortinget.

At SV no legg press på regjeringa er positivt. Det er berre å håpe at statsministeren kjem til Stortinget med ei løysing.

—  Vårt Land

Søndag varsla olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) at han ser for seg at den vidare utgreiinga av kva som skal skje med vindturbinane på Fosenhalvøya, vil ta endå eit år. Han grunngjev det med at departementet må sjå meir nøye på konsekvensane for reindrifta opp mot vindkraftanlegget. Det gir grunn til å spørje kva som har skjedd i løpet av dei fem hundre dagane som allereie har gått. I lang tid har politisk leiing i departementet komme med vage og ulne svar på kvifor det tar så lang tid. Den mistanken vert ikkje svekka av at olje- og energiministeren måndag sa at målet er halde fram drifta av vindturbinane.

Støre må komme med løysing

Det er uansett grunn til å konkludere med at regjeringa har brukt for lang tid på å følgje opp Høgsterett si avgjerd. For reindriftssamane på Fosen er ventetida med på å gjere livsvilkåra vanskelegare for kvar dag som går.

Vi er inne i ei tid der forsoning mellom den norske staten og samane står på dagsorden. Med tanke på alle overgrepa staten har stått for overfor samane gjennom historia, skulle ein tru OED og regjeringa såg behovet for å få ein betre dialog og prosess med dei samiske interessene. I Fosen-saka ser det ikkje ut til å vere tilfellet.

At SV no legg press på regjeringa er positivt. Det er berre å håpe at statsministeren kjem til Stortinget med ei berekraftig og rettferdig løysing.





Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder