Farleg høgreekstremisme i Tyskland
Kampen Putin kjempar i Ukraina, er ein kamp om kva for eit Europa borna våre skal vekse opp i. Det viser arrestasjonane av tyske høgreekstremistar som ville prøve å ta makta med statskupp.
MÅLSKIVE: Tyske høgreekstremistar planla statskupp ved å storme den tyske Riksdagen. Det er eit varsko om kor farlege dei antidemokratiske kreftene i Europa er, skriv Vårt Land på leiarplass.
Kay Nietfeld/AP
Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.
Konspirasjonsteoriar og tankegods frå ytre høgre er reelle trugslar mot demokratiet i Europa. Dei som tvilte på det, kan fjerne tvilen etter at tysk tryggleikspoliti onsdag morgon arresterte minst 25 personar knytt til den høgreekstreme Reichsbürger-rørsla. Denne rørsla nektar for at Forbundsrepublikken Tyskland er ein legitim og suveren stat, og vil erstatte dagens Tyskland med eit «fyrstedøme».
Ifølgje tysk politi planla gruppa å ta makta ved å «fjerne» det øvre sjiktet i den tyske regjeringa. Dei planla også å storme den tyske Riksdagen i Berlin. Det er det same som statskupp – noko tysk historie har dårlege erfaringar med.