Leder

«Hyttebygginga må bremse»

Vi kan ikkje øydelegge naturen med den storstilte hyttebygginga som er planlagt i Norge dei neste åra.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Areal tilsvarande 200.000 fotballbaner, fire gonger storleiken av Mjøsa og tre og ein halv gonger meir areal enn dei eksisterande tettbygde hytteområda. Det er det dei gjeldande arealplanane legg opp til at vi kan bruke på hyttebygging dei neste åra, i følge Norsk institutt for naturforsking (Nina).

I dag er det 445.513 hytter i Norge. Norsk institutt for naturforsking (Nina) meiner eit konservativt estimat fortel at utbyggingsplanane legg til rette for ei dobling av talet på hytter i dag, slik at vi får nær ein million. Hytter er i utgangspunktet ein fin og positiv del av norsk kultur som mange har eit nært forhold til, men med dei aukande klimaproblema kan vi ikkje lukke augo for at det òg vil føre til auka klimautslepp. Vi veit òg at det vil føre til tap av viktig natur. Med veksten det er lagt opp til vil store areal bli utsett for grove naturinngrep. Dyr og artar får mindre boltreplass, og naturen absorberer mindre av det som skjer med klimaet.

Naudbrems

Eit anna moment med den aukande hyttebygginga er klasseperspektivet. Dei fleste som har råd til hytte har enten god råd sjølv, eller har arva hytte gjennom familien. Både det økonomiske perspektivet, og klimaspørsmålet, talar for ei anna tenking kring hyttebygging og bruk av hytter i Norge.

Alle treng ikkje bygge si eiga hytte. Ordningar som DNTs opne turisthytter er med fordel noko det kan bli meir av, slik at fleire – uavhengig av lommebok – kan få tilgong til ei hytte i ny og ne. Slik kan også behovet for den storstilte hytteutbygginga også bremse litt

—  Vårt Land

Raudt-politikar Sofie Marhaug på Stortinget har no tatt til orde for at det er på tide å «dra i nødbremsen». Det har ho heilt rett i, og det må skje ganske snart.

Alle treng ikkje eiga hytte

Alle treng ikkje bygge si eiga hytte. Ordningar som DNTs opne turisthytter er med fordel noko det kan bli meir av, slik at fleire – uavhengig av lommebok – kan få tilgong til ei hytte i ny og ne. Slik kan også behovet for den storstilte hytteutbygginga også bremse litt.

Eit anna og viktigare tiltak er sjølvsagt å bygge tettare. Sjølv om mange vil reise til hytta for å få fred og ro, vil meir tettbygd hyttebygging skape mindre press på naturen fordi mindre areal blir ramma. Av desse to omsyna er det liten tvil om at det siste tel tyngst, fordi alle er avhengige av at naturen får prioritet.

Institutt for naturforsking føreslår no at kommunane tar ein såkalla «planvask», der norske kommunar går kritisk gjennom planane for hyttebygging. Slik kan dei ta ut dei planane som er utdaterte, og samtidig vurdere meir opp mot naturomsyn kor mykje hyttebygging som er ønskeleg og realistisk.


Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder