Leder

Vi kan stole på politikarane våre

Politikarane er meir lovlydige enn avsløringane om pendlarbustadane gav inntrykk av. Det kan vere ein viktig lærdom for oss alle.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Onsdag vart det kjend at 38 politikarar har fått auka skatt etter at Skatteetaten har gjennomført kontroll for å følge opp sakene om stortingsrepresentantane sine pendlarbustader. Sjølv om til saman 290 politikarar vart kontrollert av skattestyresmaktene, er det berre elleve politikarar som blir kravd for ekstraskatt.

I stor grad støttar konklusjonane frå Skatteetaten opp under det politikarane sjølv sa då avsløringane kom, nemleg at regelverket og rettleiinga frå Stortingsadministrasjonen var for dårleg. Sjølv om både Statsministerens kontor og Stortinget har meint at Skatteetaten har tolka reglane for strengt, er det no mykje som tyder på at saka har fått ein endeleg konklusjon.

Avhengig av tillit

Vi er – som statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) – sa då Skatteetaten sine konklusjonar vart offentleggjort på onsdag, «avhengig av tillit til politikarane og tillit til at ordningar som brukar fellesskapets pengar» vert forvalta skikkeleg.

Heldigvis har Skatteetaten gjort ein grundig jobb. For mange politikarar som har vore mistenkeleggjort i lang tid, kan konklusjonen ha vore frigjerande. Til dømes er tidlegare KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad ein av dei som ikkje må betale tilleggsskatt.

Viss vi ser stort på det, er det få andre land der politikarstanden ter seg betre enn nettopp her i Norge. Det skal vi vere takksame for.

—  Vårt Land

Skatteetaten varslar òg at dei i tida framover vil følge med på ordninga med pendlarbustader på Stortinget og i regjeringa endå tettare enn hittil. Dei skal òg sjå på korleis informasjonen frå skattestyresmaktene til politikarane kan bli endå tydelegare. Det vil i så fall vere avgjerande, då saker av dette kaliberet er enormt skadelege for tilliten til politikarane.

Fasiten klar

No som fasiten er så godt som klar, er det likevel mykje som tyder på at vi stor grad kan stole på politikarane våre. Sjølv om det er vedtatt at nokre få må betale ekstraskatt, er det i stor grad slik at politikarane følger dei lover og reglar som gjeld for alle andre.

Viss vi ser stort på det, er det få andre land der politikarstanden ter seg betre enn nettopp her i Norge. Det skal vi vere takksame for.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder