Leder

Ukraina må kunne forsvare luftrommet

Putin-regimets vilkårlege angrep på sivil infrastruktur i Ukraina er berre mogleg fordi vestlege land ikkje har gitt forsvararane moglegheit til å sikre luftrommet. Det er på overtid at det skjer no.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Måndag denne veka gjennomførte Russland intense hemnangrep med missil som regna ned over heile Ukraina. Russarane sa dei nådde måla dei ønskte med operasjonen. I så fall var resultatet talande for den russiske krigføringa: Leikeplassar, gangvegar, skular, barnehagar og sivil infrastruktur vart treft av rakettane. Tysdag morgon vart det meldt om nye rakettangrep mot Ukraina. Krigsbrotsverka er enorme, og dei ansvarlege kjem ein dag til å verte stilt til ansvar.

Det er tenkjeleg at russiske militærstrategar har utnytta ein sårbarheit ved det ukrainske forsvaret. Sjølv om ukrainarane har fått store mengder våpen frå vestlege land, har det mangla på luftvernvåpen. Spesielt er behovet stort for meir av dei avanserte rakettsystema Himars og det norskutvikla systemet Nasams. Under måndagens angrep klarte den ukrainske hæren å skyte ned kring halvparten av 84 kryssar-rakettane russarane sende inn over Ukraina.

Ustrategisk hemn

Putin har stadfesta at rakettangrepa Kyiv, Lviv og andre store ukrainske byar i starten av denne veka, var hemnangrep. Minst 19 personar vart drepne, og over hundre vart såra. Ifølgje Putin er det hemn for at ukrainsk etterretning klarte å sabotere den symbolsk viktige brua mellom det russiske fastlandet og den okkuperte Krym-halvøya. «Om angrep mot Russland held fram, vil responsen vere hard», sa Putin i ei tale måndag kveld.

Det er ingenting som tyder på at krigen blir lettare å vinne for Russland ved å bombe sivil infrastruktur. Det har mest sannsynleg to viktige effektar: Å styrke den ukrainske motstandsvilja, og sikre sterkare støtte til Ukraina frå vestlege land.

—  Vårt Land

Norge og vestlege land må halde fram dei omfattande våpenleveransane til Ukraina, og gje det ukrainske forsvaret akkurat det utstyret dei treng. Når ukrainarane ber om meir avanserte luftvernsystem, bør dei få det. Sjølv om prosessen med å sende slike system kan ta lang tid, bør ikkje det vere ei unnskyldning for å ikkje starte prosessen allereie no.

Ukraina vinn

For Russlands vedkommande er det ingenting som tyder på at krigen blir lettare å vinne ved å vilkårleg bombe sivil infrastruktur over heile Ukraina. Det har mest sannsynleg to viktige effektar: Å styrke den ukrainske motstandsviljen, og sikre sterkare støtte til Ukraina frå vestlege land. Både USA og Tyskland varsla måndag at dei no vil gje Ukraina meir avansert luftvernutstyr.

På sikt er det ikkje eit sannsynleg scenario at Ukraina tapar angrepskrigen russarane har starta på ukrainsk jord.



Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder