Dette er en leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.
Det er ramaskrik over at Kjell Inge Røkke flyttar si private formue til Sveits, der han no skal busette seg nær den italienske grensa i byen Lugano. Det er forståeleg at folk reagerer på at Røkke – som i stor grad har tent godt på den norske modellen – no vel å flagge ut privat. Heldigvis blir Aker-konsernet verande i Norge, som er det som verkeleg har betydning for norsk verdiskaping og arbeidsplassar.
Alle driv skattetilpassing
Det er klart provoserande når milliardærar klagar over at det er så vanskeleg å bu i Norge. Det fins knapt eit land i verda der vegen frå gjennomsnittleg inntekt til superrik er kortare, takka vere sterke offentlege institusjonar som kan hjelpe kven som helst opp og fram. Likevel er det problematisk når dei som flyttar ut vert peika på med ein moralsk peikefinger.
For dei på venstresida som kritiserer Røkke no, er det viktig å hugse at løysinga fins internasjonalt. Kanskje er det eit paradoks for parti som Raudt, som i stor grad motarbeider sterkare internasjonale løysingar
— Vårt Land
Dei fleste av oss nyttar dei lovane, reglane og unntaka som fins for å få mest mogleg ut av verdiane våre. Det gjer vi i skattemeldingar, ved kjøp og sal av bustad og når vi forhandlar om vilkår og løn med arbeidsgivar. Det same gjeld sjølvsagt òg for dei rikaste.
Derfor er det reelle problemet at enkeltland tilbyr så låg skattlegging at dei blir ei frihamn for dei aller rikaste. Det er ikkje berre usolidarisk, men òg skadeleg for verdiskaping og produktivitet globalt. Det er eigentleg få som er tent med eit slikt system. Derfor er initiativ frå EU, OECD og andre internasjonale aktørar på å få meir felles skattlegging over landegrensene avgjerande.
Paradoks for venstresida
For dei på venstresida som kritiserer Røkke no, er det viktig å hugse at løysinga fins internasjonalt. Kanskje er det eit paradoks for parti som Raudt, som i fleire samanhengar motarbeider sterkare internasjonalt samarbeid.
[ «Godt voksne menn mangler støtteapparatet vi noen ganger trenger for å oppføre oss» ]
Politikkens oppgåve er derfor å kjempe internasjonalt for å hindre moglegheita for den type skatteplanlegging som Røkke, Bjørn Dæhlie og andre rike nordmenn driv med. Å pålegge rike folk skam risikerer berre å polarisere debatten ytterlegare, og er heller ikkje naudsynt så lenge det fins politiske løysingar på problemet.