Leder

Norge må ta ansvar i Pakistan

No tenker mange nordmenn på familien som vert ramma av flaum i Pakistan. Det er på tide at Norge tar ansvar.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Alle som har sett dei forferdelege TV-bileta frå flaumen i Pakistan, forstår omfanget av katastrofen. Tala snakkar òg eit tydeleg språk: 1200 menneske er stadfesta omkomne, tre millionar er flaumfaste og fleire enn 18000 skular er ramma av vassmassane. Som den største innvandrargruppa i Norge, har mange norsk-pakistanarar nære band til mange i det flaumherja landet.

Nytt godt

Det bør ikkje vere noko tvil om at klimautsleppa har del av skulda for det som no skjer i Pakistan. På grunn av klimaendringane blir uvêret, flaumane og ekstrem nedbør meir alvorleg. Kombinert med at mange stader i verda opplever meir tørke, vert konsekvensane av slikt ekstremt vêr meir alvorlege.

Norge har i fleire tiår nytt godt av høge utslepp, og gjer det framleis. Akkurat no – på grunn av krigen i Ukraina – tener norsk petroleumsnæring seg søkkrike på høge olje- og gassprisar. Vi har ikkje berre eit ansvar for å kutte klimautsleppa på norsk sokkel, redusere utvinninga og gå over til eit meir klimavenleg samfunn. Vi har òg eit ansvar for dei som no opplever dei skadelege, dødelege og øydeleggjande konsekvensane av åra med altfor høge klimautslepp.

Stille opp for framtida

No trår mange norsk-pakistanarar til for å sende pengar gamlelandet – eit land mange av dei reiste frå for fleire tiår sidan. Den norske regjeringa har så langt løyva 25 millionar til flaumoffera. Ser ein summen opp mot den store krisa Pakistan no står i – og beløpa norsk-pakistanarar bidreg med – er det ikkje nok.

Det handlar om å stille opp for dei norsk-pakistanske familiane som har bidrege stort til utviklinga av det norske samfunnet og vårt arbeidsliv, men det handlar òg om å ta ansvar for dei negative konsekvensane norsk oljeutvinning har hatt på klimaet.

—  Vårt Land

Norge må vise internasjonalt leiarskap og ta tydeleg ansvar i hjelpearbeidet for Pakistan. Derfor er det gode grunnar til at Norge bør auke beløpet betydeleg. Dessutan er det viktig at Norge hjelper land som Pakistan – der det er venta at det vil komme fleire slike katastrofale flaumar dei neste åra – med å sette i verk klimatilpassing som monnar. Skular, sjukehus og bustader bør verte sikra mot flaum og uvêr, men det kostar pengar.

Dei pengane bør Norge kunne bidra med.

Det handlar om å stille opp for dei norsk-pakistanske familiane som har bidrege stort til utviklinga av det norske samfunnet og vårt arbeidsliv, men det handlar òg om å ta ansvar for dei negative konsekvensane norsk oljeutvinning har hatt på klimaet.


Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder