Leder

Demokratiet slår tilbake i Europa

Det liberale demokratiet er på offensiven igjen på det europeiske kontinentet. Det signaliserer i alle fall valresultata i Frankrike og Slovenia førre helg.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Dei siste åra har det vore mykje snakk om bekymringa for den autoritære utviklinga i fleire europeiske og vestlege land. I land der demokratiet har stått sterkt etter 2. verdskrigen og etter Berlinmurens fall, har det vore fleire angrep på rettsstatsprinsipp, mediefridom og demokratiske verdiar. I land som Polen, Ungarn, Tsjekkia og Slovenia har vi sett det mest.

Også dei høgrepopulistiske bølgene i Storbritannia under Brexit og ved valet av Trump som amerikansk president, har bekymra mange.

Krigen som vendepunkt

Det kan hende krigen i Ukraina vart eit vendepunkt i denne utviklinga. I alle fall vart ikkje Putin-venen og høgrepopulisten Marine Le Pen ny president i Frankrike. Derimot vann Emmanuel Macron ein ny periode med eit program som tydeleg stod fast på dei sentrale demokratiske verdiane. Ein treng ikkje like Macrons politikk.

Det er derfor grunn til å håpe at styrkinga og vernet av dei grunnleggande demokratiske verdiane som rettsstat, pressefridom og demokratisk pluralisme, også held fram i tida som kjem

—  Vårt Land

I Slovenia vart valet òg ein siger for det liberale demokratiet. Der gjekk den høgrepopulistiske statsministeren Janez Jansa på eit valnederlag, som markerte slutten på det kritikarane meiner er fleire år med undergraving av demokratiet i landet. Jansa har vore ein nær alliert med den ungarske statsministeren Viktor Orbán. Den nye slovenske statsministeren, Robert Golob, seier at valsigeren gjer det mogleg for han å ta Slovenia «tilbake til friheten».

Vern om verdiar

Tidlegare i april vann Viktor Orbán attval som statsminister i Ungarn, noko som gjorde at fleire frykta at den autoritære utviklinga i Ungarn vil halde fram med uforminska styrke. Det positive er likevel at den tette alliansen Ungarn har hatt med Polen – der rettsstaten, pressefridomen og demokratiet òg er under press – ser ut til å slå sprekker, på grunn av krigen i Ukraina.

Polakkane har eit langt meir kritisk blikk på Russland og landets krigføring i Ukraina enn den ungarske regjeringa har. På den måten har krigen i Ukraina bidratt til eit forsterka søkelys på kva verdiar europeiske land ønsker å verne om.

Det er derfor grunn til å håpe at styrkinga og vernet av dei grunnleggande demokratiske verdiane som rettsstat, pressefridom og demokratisk pluralisme, også held fram i tida som kjem.


Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder