Leder

Nei til tredje vaksinedose

Friske og yngre menneske bør ikkje få ein tredje vaksinedose, så lenge menneske i fattige land ventar på vaksine.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

45,7 prosent av verdas befolkning har fått ein vaksinedose. I Norge er talet 77,3 prosent. I Mali er det 2,1 prosent.

Fleire burde rope varsku

Generalsekretær i Kirkens Nødhjelp, Dagfinn Høybråten, fortalde tidlegare denne veka at strategien til rike land om å gje ein «boosterdose» til friske folk, er hovudgrunnen til at fattige land ikkje får tilgang til vaksinar no. Også helsepersonell i mange utviklingsland står utan eit tilbod om vaksine. Det betyr at mange stader i verda har ikkje eingong dei som skal redde koronasjuke pasientar, fått beskyttelse mot viruset. Høybråten åtvarar om at viruset kan mutere og «slå tilbake som ein bumerang» viss Norge, Europa og USA set seg sjølv framfor menneske i fattige land.

Høybråten har rett, og åtvaringa er på sin plass. Det er underleg at ikkje fleire ropar varsku.

Det få gode argument for at vi bør halde fram med ein strategi der vi vaksinerer oss sjølv med ein tredje vaksinedose, før dei aller fattigaste får sin første.

—  Vårt Land

Det er oppsiktsvekkande at seriøse institusjonar i rike land, som Det europeiske legemiddelsamarbeidet (EMA), ikkje tar på større alvor den globale trusselen pandemien framleis utgjer. I staden opna EMA måndag denne veka for at alle over 18 år kan få ein tredjedose seks månader etter fullvaksinering med Pfizer-vaksinen. Målet er å halde oppe effekten av vaksinen hos personar som allereie har hatt effekt av den.

Treng globale løysingar

Ein ting er å gje ein tredjedose til folk med ei sårbar helse, såkalla immunsupprimerte pasientar eller eldre over 65 år, noko Norge og fleire andre land allereie har starta med. Noko heilt anna, og langt meir etisk problematisk, er å gje ei tredje vaksinedose til friske menneske i rike land, før helsepersonell i fattige land har byrja å få vaksinen. Det er ikkje berre mangel på nestekjærleik, men også korttenkt og uklokt.

Koronapandemien starta i Wuhan-provinsen i Kina. Det som i starten verka som ei fjern historie om ein skummel sjukdom frå Kina, enda opp som den største endringa av kvardagen for milliardar av menneske over heile verda. Over 4,5 millionar menneske har døydd etter å ha blitt sjuke av viruset. Mutantane har kome frå alle verdshjørne. At vi derfor endå ikkje har forstått at pandemien er global og derfor treng globale løysingar, er ganske utruleg.



Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder