Leder

Siger over terroren

Dei seks stortingsrepresentantane som overlevde terroren på Utøya er eit vakkert og stille vitnesbyrd om korleis samfunnet vårt sakte vann over terroren.

Dette er ein leder. Leiarartikkelen gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Mange av Arbeidarpartiet sine største politiske talent mista livet på Utøya 22. juli 2011. Fleire av dei som vart spådd lysande karrierar som statsråd, stortingsrepresentant og partileiar, vart skotne i hel av ein terrorist som prøvde å øydelegge Arbeidarpartiet og demokratiet for alltid.

Vi kan ikkje undervurdere verdien av at unge menneske som har opplevd og overlevd terror, no skal ta med seg sine erfaringar, kunnskap og bakgrunn inn i nasjonalforsamlinga vår. Som Arbeidarpartiet sin nyvalde stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane, Torbjørn Vereide, sa til Vårt Land torsdag denne veka: «Det er ikkje hogd i stein at noko slikt ikkje kan skje igjen. Det som er bra, er at fleire og fleire forstår at det som skjedde på Utøya ikkje var ei naturkatastrofe. At det er ei direkte kopling mellom hatideologien vi ser på nettforum i dag, og skytefingeren».

Dei veit meir om terrorens konsekvensar enn nokon av oss andre, og det er særs positivt at desse no kan bruke erfaringane sine i heile samfunnets teneste som stortingsrepresentantar.

—  Vårt Land

Vereide har heilt rett. Saman med Nils Kristen Sandtrøen, Kamzy Gunaratnam, Elise Bjørnebekk-Waagen, Eigil Knutsen og Åsmund Aukrust kan han snakke om terrorbekjemping, beredskap og arbeid mot radikalisering med større truverd enn dei fleste. Når Vereide fortel at han trur vegen til eit samfunn med mindre hat går gjennom å jobbe mot utanforskap, er det kraft i det han seier. Han veit kva han snakkar om. Han har opplevd konsekvensane. Det kan gi arbeidet med desse viktige utfordringane i Stortinget ekstra tyngde og gjennomslag.

No som det er sannsynleg at Arbeidarpartiet kjem til å danne ei regjering i løpet av den neste månaden, er det vår forventning at apparatet til Jonas Gahr Støre finn plass til fleire medarbeidarar som overlevde terroren 22. juli i sentrale posisjonar. Det vil vere spesielt viktig for truverdet til arbeidet med å ta eit sterkare oppgjer med haldningane bak 22. juli-terroren.

Terroristen øydela mykje, men han øydela ikkje demokratiet eller Arbeidarpartiet. Det viser dei seks Utøya-overlevande som no er vald inn til fast plass på Stortinget. Dei veit meir om terrorens konsekvensar enn nokon av oss andre, og det er særs positivt at desse no kan bruke erfaringane sine i heile samfunnets teneste som stortingsrepresentantar.




Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder