Leder

Hildegunn Reigstad: - Høgtideleg og nesten litt pompøst

Hildegunn Garnes Reigstad synast salmen «Gjer døri høg, gjer porten vid» kombinerer den kollektive lovprisinga og den nære relasjonen til Jesus på ein god måte

Musikar Hildegunn Reigstad har valt ein salme som blei skrive i Tyskland av Georg Weisel i 1623.

Gjer døri høg, gjer porten vid!

Gjer døri høg, gjer porten vid!

Sjå Kristus, Kongen, til deg rid!

Han råder over alle land

og er all heimsens Frelsar sann.


Rettferdig kjem han til deg ned

og byd deg sæle, liv og fred.

Stillferdig kjem han, utan krav,

og miskunn er hans kongestav.


Han ropar ut eit nådens år.

Vår naud ved han ein ende får.

Og difor røyster utan tal

med lovsong honom møta skal.


Å, sælt det land, det hus, den gard

som denne drott til herre har!

Ja, sælt det hjarta og det sinn

der denne kongen no stig inn!


Gjer døri høg, riv stengsla ned

og inn til deg din konge bed!

Då kjem han til deg mild og sterk

og fremjar i deg alt Guds verk.

Mi hjartedør eg opnar deg!

Å Jesus, stig du inn til meg!

Og lat meg her den nåde få

at eg din milde hug kan sjå.

Ja, ved din Ande slik meg før,

eg dagleg opnar deg mi dør,

så du kan alltid bu i meg,

og eg kan evig lova deg!


Kongen over alle kongar

Det er noko høgtideleg, nesten litt pompøst ved denne salmen som mange kyrkjegjengarar kjenner frå adventstida. Som barn syntest eg nok at verken ord eller musikalsk uttrykk kommuniserte noko særleg til meg. Men sidan har eg fått augene opp for kor flott salmen kombinerer to viktige ting i livet til ein kristen: På den eine sida den kollektive lovprisninga, trompetfanfarene, æreropa for Kristus, den majestetiske Kongen over alle kongar. På den andre sida den personlege, heilt nære relasjonen som denne milde Kongen inviterer oss til. Sidan han ikkje tvingar seg på nokon, er det opp til oss å dagleg gjera hjartedøra vår høg. Invitera inn han som kom for å ropa ut fridom for fangar, nåde for synder, og som kan lysa opp det mørkaste hjarte.

PS! Storsalen menighet har gitt ut ein fin, moderne versjon med eit nytt refreng. Anbefalast!





Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder