Verdidebatt

Vi treng ikkje meir drøfting

Noreg fortener ikkje plassen i FN sitt tryggleiksråd fordi oljeutvinninga vår er farleg for småstatøyane. Men det er framleis tid til at vi kan gjere oss fortent til plassen.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Pauline Tomren

Fylkespolitiker for Miljøpartiet De Grønne i Vestland fylke

Gratulerer med plassen i FN sitt tryggleiksråd til staten Noreg! I valkampanjen lovde vi å drøfte tryggleiksrisikoen ved klimaendringar. No må Noreg ta ansvar for verda sin tryggleik ved å utfase olje- og gassnæringa. Det inneber at du personleg, må ta ansvar.

Småstatøyane

Tidlegare i juni sendte eg eit brev saman med Greta Thunberg, Litokna Kabua og Ranton Anjain og 22 klimaforskarar, kor vi åtvara småstatøyane mot å gi Noreg og Canada ein plass i tryggleiksrådet. Vi meiner at Noreg ikkje fortener plassen i FN sitt tryggleiksråd fordi oljeutvinninga vår er farleg for småstatøyane. Men det er framleis tid til at vi kan gjere oss fortent til plassen.

Småstatøyane er ei rekke land som deler mange utfordringar. Dei er sårbare mot naturkatastrofar, og mange av landa vil bli lagt under vatn dersom havnivået stig. Vi veit at ein tredjedel av all olja vi veit om må ligge i bakken viss vi skal klare å nå 1.5-gradarsmålet. Viss vi ikkje klarar det, blir heimstaden til Ranton Anjain og Litokna Kabua (to av dei som var med på brevet vi sendte) overfløymd. Dei blir direkte ramma av den farlege oljepolitikken som Noreg førar. Dei er berre to av dei 200 millionane som kan bli klimaflyktningar innan 2050. Det gjer meg sint, flau og lei meg.

LES OGSÅ: Norge brukte klart mest penger for å bli valgt inn i FNs sikkerhetsråd

Lite håp

Det er avgjerande for tryggleiken til millionar av menneske at vi minskar effekten av global oppvarming. Det betyr at vi må fase ut bruken av fossil brensel i heile verda. No som Noreg har fått plass i tryggleiksrådet, har vi eit spesielt ansvar for å gjere det som trengs for å ivareta tryggleiken i verda.

I den same månaden vi blei valt til tryggleiksrådet har Noreg gitt 100 milliardar i koronatilskot til oljenæringa, opna for oljeleiting i Arktis, og foreslått av olje- og energidepartementet at det skal bli opna for 136 nye oljeblokker.

Desse avgjerdene gir meg lite håp for at vi skal klare å bidra med noko positivt på klimafronten i tryggleiksrådet så lenge dagens regjering styrer Noreg. Vi skal sitte i tryggleiksrådet i to år. Om eit år er det stortingsval, og da håper eg at vi ser endring på den fortsette oljeutvinninga. Du som les dette må ta ansvar og stemme på dei som vil garantere redusert oljeutvinning.

Treng ikkje meir drøfting

Oljenasjonen Noreg må vise at det går an å omstille seg, viss vi for alvor vil kjempe for tryggleiken til alle menneske på kloden. I kampanjen for å bli valt inn til tryggleiksrådet, reklamerte utanriksdepartementet med at dei ville drøfte tryggleiksutfordringane ved klimaendringar.

Problemet er at vi ikkje treng meir drøfting. Vi veit allereie mykje om konsekvensane av menneskeskapt global oppvarming. Det vi treng, er handling. Utanriksdepartementet og den norske stat anerkjenner at klimaendringar er ein trugsel for verdsamfunnet. Eg og du veit at det er ein trugsel. Så kvifor skal vi bruke tid og krefter på å «drøfte» det når vi veit at vi treng handling?

Min og din feil

Vi må slutte å brenne fossile energikjelder. Som medlem av tryggleiksrådet kan Noreg gå framfor som eit eksempel og vise at vi tar tryggleiken til alle land på alvor, ved å fase ut oljenæringa. No gjer vi det stikk motsette.

Det er min og din feil. Det er vi som lar uretten ved klimaendringar fortsette. Det er vi som står rike og privilegerte og ser på at vårt eige heimland gjer ein enorm urett mot verdas fattigaste. Men vi kan omstille oss. Kva vil du gjere for verdas tryggleik dei neste to åra? Vil du stemme for at eg, Ranton Anjain, Litokne Kabua, Greta Thunberg og alle andre unge skal få ei lysare framtid?

LES MER:

Unge aktivister advarer mot Norge i FNs sikkerhetsråd: – Norsk oljepolitikk er en sikkerhetstrussel

Norge blir medlem av FNs sikkerhetsråd: – Skal ivareta norske verdier, sier statsministeren

KrFs familieminister med Pride-hilsen: Alle mennesker skal få lov til å elske akkurat hvem de vil

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt