Nyheter

Vårt felles ansvar

Det er enkelt å avvise ein fiende som vond. Men det har som regel lite føre seg.

«Om eg lærte éin ting frå mi tid i CIA, så var det dette: Alle trur dei er 'the good guy'», seier tidlegare CIA-agent Amaryllis Fox i ein video som sirkulerte på nett tidlegare i sommar.

Ho har jobba med antiterrorarbeid for USAs hemmelege intelligensservice i ti år, over heile verda. No kan ho endeleg snakke om dei erfaringane ho har gjort seg i løpet av arbeidet. Hennar oppfatning er at dagens offentlege samtale er meir forenkla, meir polarisert, enn nokon gong. Og ho er klar på kven ho meiner har skulda.

Svart-kvitt

Vi går tilbake til hausten 2001. Alle hugsar kanskje orda til George W. Bush etter 11. september: «Kvart land, i kvar region, må no bestemme seg. Anten er de med oss, eller så er de med terroristane.»

Med andre ord: Verda er delt i to, no må de velje.

LES KOMMENTAREN: «Motstanden mot islam er blitt en sterk, politisk drivkraft»

Når tidlegare CIA-agent Fox spør amerikanarar om kvifor dei vart angripne 11. september 2001, svarar dei som regel: Dei hatar oss fordi vi er frie. Når ho spurde folk på gata i Irak og Syria om kvifor USA bomba landet deira, svarte dei: fordi dei vil føre krig mot islam.

Vanskelege tider krev gjerne enkle svar. Men er det så enkelt?

Populismen brer om seg

Sidan Bush si tid i Det kvite hus, har populismen auka i makt og styrke fleire stadar. Felles for populistiske parti er mellom anna at dei presenterer enkle løysingar på vanskelege utfordringar. Har ein person gjort noko ulovleg? Kast han ut. Er det vanskelege tider? Skuld på dei framande.

Årets presidentkandidat frå Bush sitt eige parti, Donald Trump, skal «gjere Amerika stort igjen», utan at nokon veit kva konkret han legg i det. I tillegg skal han bygge ein mur mot Mexico og hindre muslimar tilgang til landet.

Tidlegare i sommar skreiv Vårt Land fleire saker om framveksten av populisme i Europa. Sjølv om dei på ingen måte har tatt over kontinentet, har populistiske parti ei oppslutning på minst ti prosent i 20 europeiske land. Døme på slike parti er Nasjonal Front i Frankrike, UKIP i England, Fidesz i Ungarn, Sverigedemokraterna i vårt naboland. Og så vidare.

Propaganda

Dei som kjempa for «brexit» i Storbritannia, greidde å gjere både EU og flyktningar til fiendar. Under kampanjen køyrde mellom andre tidlegare borgarmester i London, Boris Johnson, rundt i ein buss med denne bodskapen på sida: «Vi sender 350 millionar pund til EU kvar veke – la oss gi det til vår nasjonale helseteneste i staden for». Dette vart, av mange, tatt bokstaveleg.

Morgonen etter at britane stemte seg ut av EU, vart leiaren for partiet UKIP, Nigel Farage, spurt av britisk fjernsyn om helsesystemet no ville bli mange millionar pund rikare kvar veke. Svaret var nei.

Farage sto bak den plakaten som kanskje fekk mest merksemd før folkerøystinga i slutten av juni, nemleg biletet av flyktningar med orda «breaking point». Målet verka å vere å skape frykt for dei framande som søker tilflukt i landet, sjølv om tilstrøyminga av flyktningar har lite med EU-medlemsskap å gjere.

Lytt

Det er lett å lage fiendebilete av sårbare grupper. Og det kan vere nyttig for politiske parti, ikkje berre populistiske, dersom dei ynskjer å polarisere debatten. Men kva nytte gjer det? Møter vi flyktningar med paranoia og avvising, gjer vi det berre vanskelegare for oss sjølve.

LES OGSÅ: – Brexit vitner om tillitskrise for elitene

«Dei som gløymer det gode og det vonde, og berre søker å vite fakta, vil sannsynlegvis oppnå meir godt enn dei som ser verda som forvrengt gjennom sine eigne ynskjer», skreiv filosofen Bertrand Russell ein gong.

Amaryllis Fox – CIA-agenten – har kome fram til at den einaste måten du kan avvæpne fienden din på (om du verkeleg har ein fiende), er ved å lytte til dei. Dersom du greier å høyre på deira historie, så vil du kanskje innsjå at du ville tatt mange av dei same vala som dei har gjort, om du levde deira liv.

Det høyrest kanskje naivt ut. Men det er eit betre utgangspunkt enn svartmåling av andre. Sidan ultimatumet frå Bush har USA vore involvert i to svært kostbare krigar som har kreva mange menneskeliv. Etter «brexit», er Storbritannias framtid uviss, både politisk og økonomisk. For å nemne eit par døme.

Så lenge fienden din – uansett om du trur det er islam, flyktningar, politiet, Den islamske stat, USA eller nokon andre – er for deg noko umenneskeleg som kjem til å angripe deg uansett kva du gjer, så kjem vi ikkje til å kome langt.

Politikarar – og presse – har eit ansvar for korleis saker blir framstilt. Men resten av befolkninga har også eit ansvar – for å tenke kritisk og for å forstå at det ikkje finst enkle svar på utfordrande problemstillingar. Først må ein godta akkurat det, deretter prøve å gjere noko med det. Å lytte kan vere eit godt utgangspunkt.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter