Meninger

Utan 
kvinnene ­stoppar kristendommen

Prestar som ikkje vil samarbeide med kvinnelege kollegaer, bør lese Bibelen på nytt.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Ein skulle tru at det var å slå inn opne kyrkjedører, men nei. Framleis går debatten om kvinnelege prestar i Den norske kyrkja. Og kvinneprestmotstandarar viser gjerne til to ting: 1) Store delar av den verdsvide kyrkja set foten ned for kvinnelege prestar. 2) Dei sjølve kjenner seg forplikta av Bibelens klare ord. Det vesle mindretalet i Noreg er ein del av eit global majoritet. I den katolske kyrkja har det i verdshistoria ikkje vore ein einaste kvinneleg pave. Er alle dei som heiar fram kvinnelege prestar, som det norske bispemøtet med preses Olav Fykse Tveit i spissen, å rekne som vranglærande kjettarar?

Kollaps utan kvinner

Eg er ingen fagteolog, men har dei seinaste åra vore så heldig å kunne fordjupe meg i Bibelen som forfattar av fleire bøker med bibeltematikk. Når kvinneprestmotstandarar er trygge på at dei har Bibelen ved si side i det dei marsjerer ut av kyrkjerommet kvar gong ei kvinne forrettar gudstenesta, vil eg svare: Nei. Tvert om. Bibelens klare bodskap er ikkje at ei kvinne skal teie i forsamlinga, og at ho skal underkaste seg alle mannshovud. Bibelens klare bodskap er at kvinnene er essensielle. Dei er tettast på evangeliet. Kristendommen hadde kollapsa utan dei.

LES MER: Religionsdialog og kvinnesak kjem ut på eitt for Anne Hege Grung

Avgjerande roller

Det begynner allereie med det såkalla protoevangeliet i 1. Mosebok, der Gud set fiendskap mellom slangen og kvinna. Det er kvinnas ætt som representerer håpet og skal hamle opp med det vonde, der jorda blir forbanna for mannens skuld. Går vi vidare til den såkalla fedrehistoria, ser korleis Guds løfter til Abraham eigentleg er knytt til Sara, kona hans. Det er Saras son som er paktsbarnet, ikkje Abrahams barn. Historia om dei bibelske patriarkane er i realiteten historia om matriarkane. I Bibelens kvinner. Historiene som forma verda argumenterer eg for at kvinnene spelar avgjerande roller i alle fasar av bibelhistoria. Det vil føre for langt å gå inn på kvar enkelt kvinne – fleire hundre – i ein avistekst som dette. Men det er påfallande at mange av dei blir lite omtalt i dag. Profetkvinna Hulda levde på Jeremias tid og spelar ei hovudrolle i den langvarige kanoniseringsprosessen som etter kvart leia fram til vår eigen bibel. Dommaren Debora, som på eit tidspunkt var den øvste militære, juridiske og åndelege leiaren i det gamle Israel, var ikkje underlagt nokon andre enn Gud.

LES MER: Kvinner står ofte i førstelinja, seier Care-sjef Kaj-Martin Georgsen

Det samla bibelske materialet

Kvinneprestmotstandarar trekker gjerne fram at Gud lét seg føde som ein mann, at Jesus valde seg ut tolv menn til sine nærmaste medarbeidarar og at Paulus ikkje ville la dei ha åndeleg hyrdeansvar. Er dette tilstrekkeleg til å slå fast at kvinner ikkje kan gjere presteteneste? Nei. Det er ikkje det. I staden må vi sjå på kva det samla bibelske materialet fortel oss. Det nærmar seg jul, så la oss begynne med Maria, Jesu mor. Det er Maria som har funne nåde hos Gud. Ei kvinne er den utvalde, ikkje primært til å føde ein mann, men til å realisere Guds under.

Det første læreansvaret

La oss halde fram med Maria Magdalena. Ho er den første som møter Jesus etter oppstoda. Saman med ei handfull andre kvinner er ho den første som fortel om den oppstadne. Dei mannlege læresveinane trudde det var laust snakk.

I antikken hadde ikkje kvinner rettsstatus som vitne. At den oppstadne Jesus likevel vel å vise seg nettopp for kvinner, er eit poeng som ikkje har fått ei tilstrekkeleg verknadshistorie. Det er kvinner som har det første læreansvaret overfor menn, på Jesu eige bod: «Gå til brørne mine og sei til dei ...» At store delar av den kristne kyrkja likevel eliminerte kvinner frå det øvste læreansvaret, er høgst beklageleg – og heller ikkje ugjendriveleg bibelsk.

Ein kvinneleg grunnvoll

Dersom Jesus hadde sagt til Marta det same som han sa til Peter då dei begge vedkjente at Jesus var Messias, hadde vi ikkje hatt den kvinneprestdebatten som har blussa opp igjen seinaste tida. Då hadde vi i staden hatt ein totusenårig tradisjon for kvinnelege pavar og prestar. Peterskyrkja i Roma hadde moglegvis heitt Martakyrkja. Men tyder det at Peter blei utnemnt til grunnvollen for den kristne kyrkja, at ingen kvinner seinare skal vere prestar? At ingen kvinner er grunnvoll? Handlar ikkje bibelhistoria heller om at grunnvollen for den kristne kyrkja er trua på Jesus som Guds son og Messias?

Bundne samvit

Paulus får stor vekt hos kvinneprestmotstandarane. Han impliserer i 1. Korintarbrev at Gud ikkje vil ta imot oss i sin himmel dersom kvinner får tale i forsamlinga. Det har bunde mange kristne samvit gjennom tidene. Men også kvinneprestmotstandarar synest det er greitt at kvinnene talar – så lenge ein mann har det formelle ansvaret. Kvar er logikken? På same vis: Er problemet løyst for Norsk Luthersk Misjonssamband, som held seg med ei rekke kvinnelege misjonærar, ved å klamre seg til eit formalprinsipp om tenestedeling? Unnskyld meg, men det heng ikkje på greip. Når eg dunkar laus som eg gjer her, kan nok annleis tenkande meine at eg er på ville vegar. Nettopp derfor er det framleis viktig å seie det: Det er ikkje mangel på bibeltruskap med kvinner på alle nivå i kyrkja. Det er endåtil i pakt med Bibelens eigne forteljingar om kvinner.

Paulus og kvinnene hans

Dersom vi tek den nemnte Paulus til føredøme, ser vi korleis han samarbeidde med kvinner overalt der han drog. Paradoksalt nok hadde dei også lærefunksjonar. Priskilla var kyrkjebyggar og lærte opp Apollos, ein av dei viktigaste forkynnarane ved sida av Paulus. Også kvinner som Lydia, som husa den første kristne kyrkjelyden i Europa, Føbe og Junia spelte avgjerande roller for utbreiinga av evangeliet. I bibelomsettingar fram til i dag er Junia blitt tolka som mannen Junias. Det har vore vanskeleg å innsjå at ei kvinne skulle ha eit så godt namn mellom apostlane som henne, ja, kanskje sjølv vere ein apostel.

Den gongen som i vår tid: Utan kvinnene stoppar kristendommen. Om det er målet, må gjerne kvinneprestmotstandarane arbeide for det. Bibelen fortel ei anna historie: Gjennom kvinner, som gjennom menn, formidlar Gud sin nåde. Kvar dag.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Meninger