Teater

Ung speleglede

Barn på teaterscenen ber ofte med seg ei uforfalska glede over skodespelet. Det gir gode opplevingar for publikum.

Nyleg var eg ein tur på Sandvika teater for å sjå familiemusikalen Annie. Denne er blitt sett opp i stadig nye versjonar sidan originalmusikalen i 1977, skriven av Charles Strouse (musikk), Thomas Meehan (tekst) og Martin Charnin (songtekstar).

Historia om den tøffe barneheimsjenta som blir plukka ut og tatt med frå den ufyselege barneheimsstyraren Miss Hannigan til julefeiring hos milliardæren Oliver Warbucks, har allereie gledd generasjonar av barn og vaksne. Musikalen har nådd langt fleire enn dei som kjenner teikneserien han bygger på, Harold Grays Little Orphan Annie. Ikkje minst har dei mange gode songane, med klassikaren «I morgen» («Tomorrow») i spissen, svidd seg inn i vårt felles minne.

Lyden av Annie er lyden av familiemusikal.

Energisk

I Gry Spones regi på Sandvika teater var det eit ungt og energisk ensemble i sving på scenen. Barnerollene blir spela av barn frå sju, åtte år og oppover, mens vaksenrollene blir spela av eldre ungdommar og unge vaksne.

Eitt av barna i ensemblet kjente eg frå før, mens etternamna til fleire andre bar bod om at barna ikkje er dei einaste i familien som driv med teater. Dei unge skodespelarane stod uansett på eigne bein, og på så stødig vis at eg ikkje blir overraska om vi ser att fleire av desse på norske teaterscener etter kvart.

Naturleg talent

Barn på teaterscenen ber ofte med seg ei uforfalska glede over skodespelet. Dette inntrykket sit eg også att med etter Koffers produksjoners framsyning av Annie. Den unge spelegleda er ein kvalitet i seg sjølv, som kan opplevast i ei rekke lokale oppsettingar rundt ikring i landet vårt. Barn har eit naturleg talent for skodespel, slik barnet frå sine aller første år driv med rolleleik for å lære korleis verda rundt ein heng saman.

Vakker leik

Difor blir eg ofte så glad når eg får sjå barn som blomstrar av glede og energi på teaterscenen. Kall meg gjerne lettrørt. Men denne vakre leiken heiar eg på.

Det gjer også fireåringen vår, som var med på førestillinga. Heime igjen, på kvelden, sovna ho med musikalprogrammet på brystet. Annie var blitt eit minne for livet.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Teater