Religion

To svake statar offer for terror

To av landa som blei ramma av terror i påska deler lagnad. Både Pakistan og Belgia er svake statar.

Ekstremistar – og jihadistar – har trygge kår i begge land, for regima i høvesvis Brussel og Islamabad strevar med å kontrollere landa.

I Belgia snakkar vi om politiske og byråkratiske hinder, i Pakistan om historisk lovløyse.

Då islamistrørsla Taliban blei jaga ut av Afghanistan i 2001, enda mange krigarar opp i ein fjellregion nordvest i nabolandet Pakistan; Waziristan. Herfrå angreip dei NATO-styrkar i Afghanistan – og militære mål i Pakistan.

LES MER: Kristne er mål for terror – nå flykter tusenvis

Fristad

Waziristan tilhøyrer det føderalt administrerte stammeområdet (FATA) – eit område der lokale stammer styrer seg sjølve og sentrale styresmakter i hovudstaden Islamabad har avgrensa innflyting.

Området har også vore ein fristad for krigarar som er knytta til terrororganisasjonen al-Qaida og pakistansk Taliban. Jamaat-ul-Ahrar, gruppa som har teke på seg ansvaret for Lahore-bomba, tilhøyrer pakistansk Taliban.

Pakistanske tryggingsstyrkar, som eigentleg skal utøve kontroll i grenseområda, har lenge vore Taliban-sponsorar.

LES MER: – For enkelt å hevde at terrorister drives kun av religion

Parallellsamfunn

Avgrensa innflyting har også styresmaktene i hovudstaden Brussel. Terrorbombene i påska viste på nytt at Belgia har parallellsamfunn som langt på veg er sjølvstyrte. Vi snakkar særleg om innvandrarbydelen Molenbeek, ein av 19 kommunar i Stor-Brussel.

I Molenbeek er det særleg mange som er født i Nord-Afrika eller er belgiskfødde etterkommarar av nordafrikanarar. Arbeidsløysa er skyhøg. I 2015 var nesten 42 prosent av ungdommen utan arbeid. Belgia er det europeiske landet som har flest syriafararar i høve til folketalet; opp mot 500 har reist for å kjempe for draumen om kalifatet.

Blodspora frå både Paris-terroren i haust og Brussel-terroren no i påska fører til Molenbeek.

LES OGSÅ: Irak-invasjonen la kimen til dagens største globale terrortrussel

Manglar kommunikasjon

Mykje av forklaringa på Belgias manglande evne til å stoppe oppbygginga av parallellsamfunn, som igjen fostrar kampvillige islamistar, finn vi i oppbygginga av Belgia, som i praksis er to land og eit hovudstadsområde, Flanderen, Vallonia og Brussel.

Belgia er difor heimsøkt av manglande kommunikasjon og koordinering mellom dei mange politiske og byråkratiske nivå i statsadministrasjonen.

Difor fekk belgiske terroristar planleggje terroraksjonar. Difor er Brussel blitt hovudstaden for Europas jihadistar.

ANALYSE: Invasjonen i Irak la kimen til dagens største globale terrortrussel

Følg Vårt Land på Facebook og Twitter!

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion