Nyheter

To norske 
var med

To norske utvandrarar, far og son, hadde viktige roller i soga om ­bomba som fall over Hiroshima.

Sjå tidsline nedst i saka!

Ein bygning stod då verdas første atombombe la Hiroshima aude 6. august 1945.

Like ved nullpunktet står han framleis, atombombedomen, murbygget med den karakteristiske kuppelen; eit nakent skjellett av stål.

Handelshuset står i dag på UNESCOs verdsarvliste, og det står sentralt i fredsparken som blei bygt rundt nullpunktet for eksplosjonen som drap rundt 140.000 menneske i 1945.

Då eg stod utanfor atombombedomen vest i Japan, hadde det gått 60 år sidan lastelukene på bombeflyet Enola Gay gjekk opp, og mannskapet slapp den umåteleg dødelege lasta. Eg tenkte på at dei frakta massedøden inn over byen på tampen av verdskrigen, på dei som hadde utvikla bomba.

Den gongen visste eg ikkje at to nordmenn, ein far og ein son, hadde hatt roller i soga om bomba som endra verda for alltid.

LES OGSÅ: Ber Norge­ forby atomvåpen

Skreiv namn på bomba

«I løpet av karrieren arbeidde han for Manhattan-prosjektet med å utvikle atombomba», står det i nekrologen til Gunnar Thornton. Han døydde for 17 år sidan, 78 år gammal, i delstaten New York.

Manhattan-prosjektet var det superhemmelege våpenprogrammet som USA starta i 1942 med eitt mål for augo; skaffe USA atomvåpen før Hitler-Tyskland.

Bladet Vi Menn har i amerikanske arkiv leita fram soga om far og son Thornton, Jens og Gunnar, to utvandrarar frå Norge til USA. Ingeniøren Jens Thornton var med på å byggje forskingsfabrikken som separerte radioaktivt uran frå naturleg uran.

Teknologen Gunnar Thornton var med på arbeidet med å setje saman sjølve bomba, og han blei med på laget som følgde bomba frå San Francisco til den amerikanske basen Tinian i Stillehavet, rett sør for Japan. Før han var med på å feste verdas første atombombe i bombeflyet, skreiv Gunnar Thornton tre navn på metallhylsteret; Jens og Ingeborg etter foreldra, og sitt eige.

SJÅ KART OVER VERDAS ATOMMAKTER HER!

Forsvarte jobben

– Mitt ansvar slutta då me festa bomba under flyet, sa Gunnar Thornton i eit avisintervju i 1985 saman med faren Jens Thornton. Sjølv sa faren det slik:

– Eg angrar ingenting.

Sonen la til at bomba var med på å avslutte verdskrigen:

– På det tidspunktet var det ei rett avgjerd, meinte han.

I morgon samlast tusental japanarar seg på nytt i fredsparken i Hiroshima, ved atombombedomen. Deira bodskap er at avgjera om å bruke atombomba i 1945, var feil.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter