Nyheter

Svartelistar 
neger

USAs første svarte president har laga kvitbok. Men raudhud rører han ikkje.

Snart er det over. Åtte år i Det kvite hus. Som USAs første svarte president. På veg ut har Barack Obama kasta ut to ord frå offentleg, amerikansk terminologi.

Avgjerda om å fjerne «negro» og «oriental», som på norsk kan omsetjast til «neger» og «orientalsk», er ikkje kontroversiell. Først passerte lovforslaget Representantanes hus, så Senatet, før presidenten sjølv kunne signere den nye lova som forbyr bruken av orda i føderale amerikanske lovar.

Heretter skal ein bruke «African American» – og «Asian American». Dette lovvedtaket betyr langt meir enn det bystyret i New York gjorde i 2007. Dei vedtok eit symbolsk forbod mot «nigger».

LES OGSÅ: På Svalbard forblir neger-navnene

Kom med slavehandlarane

Ordet negro kom med dei spanske og portugisiske slavehandlarane, som hadde henta det frå latinsk; niger, som tyder svart. Plantasjeeigarane i sørstatane la til ein g og det rasistiske skjellsordet nigger blei fødd.

Samstundes som rikspolitikarane ryddar i det ­offentlege språket, prøver indianske aktivistar å få sett ein stoppar for bruken av ordet «redskins», «raudhudar». Striden står rundt fotballaget Washington Redskins. Som har ei svart fortid.

KOMMENTAR: For 70 år siden skrev vi om «negre» som angrep hvite kvinner.

Byrg rasist

Klubben blei stifta og i mange år eigd av den sjølv­erklærte og stolte rasisten George Preston Marshall. Washington Redskins var faktisk den siste NFL-klubben som nekta å bruke svarte spelarar. Først då Det kvite hus og president John F. Kennedy på 1960-talet la press på Marshall, fann han det opportunt å stille med svarte spelarar.

I 2014 augna USAs urbefolkning von i kampen mot bruken av ordet «raudhud» som eit kommersielt varemerke. Patentkontoret i USA kansellerte seks av Washington Redskins varemerke fordi namnet diskriminerer landets indianarar. I fjor støtta ein delstatsdomstol avgjerda. No ventar rundar i høgsterett.

Svart fortid

I denne striden har Obama nøgd seg med ein ­ appell: Nasjonen treng å bryte stereotypiar. Med andre­ ord, Washington Redskins; finn eit anna namn. Hugs dykkar svarte fortid.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter