Religion

Sofie Braut: Patentbyrå for kristennavnet?

Det kokar når merkelappar, slik som «konservativ» og «liberal» vert nytta.

Sofie Braut, gjestekommentator

Det er oppsiktsvekkande­ når biskopen i hovud­staden ber leiarane­ i landets største misjonsorganisasjon, på framsida av Vårt Land (10. juni), om å bli akseptert som kristen. Korleis hamna teologidialogen i ei slik trøysteslaus tverrgate?

Rett nok har biskop Kari Veiteberg vitja NLM-podcasten Ottosen og Generalen i ein utforskande samtale om tru og teologi, og rett nok synleggjorde samtalen viktige teologiske skilnader, men kvifor må dette munna ut i at biskopen etterspør personleg trus-aksept?

«Konservativ» og «liberal»

Først: det kokar når merkelappar, slik som «konservativ» og «liberal» vert nytta. Vi ser det same når IPSOS nyttar «personlig kristen» for å kartlegga tru og tvil blant nordmenn. Men også den meir allmenne etiketten­ «kristen» viser seg å vera vrien. Det er eit kjensle­messig minefelt å prøva å ­karakterisera kva som kvalifiserer som kristen tru og kva som fell utanfor. Er dette­ noko ein berre skal halda seg langt unna? Ofte blir slikt enkelt slått ned med eit bibelsk, men komplett kontekstlaust «døm ikkje», som om dette er eit allment påbod om bli verande i uvisse om alle åndelege ting.

Kontrasten vert slåande til Vårt Lands eige favorittvers som ­prydar avisframsida kvar dag; nemleg Paulus’ bøn i Filipparbrevet 1: 9 om at kjærleiken må bli «mer og mer rik på innsikt og dømmekraft». Dømekraft og innsikt trengst absolutt, og Paulus gir nærare forklaring i verset etter: «så de kan skjøna og avgjera kva som er viktig, og stå reine og ulastande på Kristi dag…» For Bibelen er det framandt å avgrensa ord om innsikt til berre å gjelda ein slags smartness for livet her og no.

Biskopens bøn

Men tilbake til biskopens bøn om trus-­aksept frå NLM. Utgangspunktet her er altså ein samtale under overskrifta «Enige om det meste?», der Veiteberg drøfter ulike teologiske spørsmål med Øyvind Åsland og Espen Ottosen. ­Lyttarar vil ha høyrt store teologiske ulikskapar mellom Veiteberg og NLM, sjølv i ramma av den forsonlege podcasttonen. Oppsummeringa i etterkant fortel det same.

Veiteberg meiner sjølv ho har «ein meir samansett innfalls­vinkel enn dei», mens Ottosen på si side trur lyttarane oppfattar at «vi rett og slett oppheld oss i to ulike verder». Det er uansett eit godt grep at dei set seg ned og samtalar for open mikrofon, slikt har vi altfor lite av her til lands. Eg har også tidlegare problematisert den aukande tendensen til at ein postmoderne «teologi på tomannshand» tek over. Denne samtalen fekk likevel eit merkeleg etterspel når biskopen i avisa dagen etter framfører følgjande appell til NLM-leiarane: «Aksepter meg som kristen».

Teologi-eliten

Veiteberg høyrer til den absolutte teologieliten i samfunnet vårt og spørsmålet om å bli akseptert som kristen kan i denne samanhengen verka litt tilgjort. For å spørja litt naivt: kva vil ho med ein slik aksept? Får ho eit «godkjent-stempel» frå NLM, javel, då kan vi kanskje gå vidare med tilslørt usemje, og ein upresis konklusjon om at dei «i grunnen er samde». Underforstått: det å konkludera heilt motsett i sentrale teologiske spørsmål betyr ikkje eigentleg noko. Ei slik haldning undergrev sjølvsagt heile teologien på sikt, det er gamalt nytt at «der alt er like gyldig, vert alt likegyldig».

På den andre sida, om biskopen får eit nei i neven kan ho kanskje få synleggjort ei «­snever og fordømande» haldning hos dei lågkyrkjelege. Det kan vel heller ikkje vera eit akt­verdig føre­mål. Når Ottosen på spørsmålet derimot prøver å nyansera­, er det berre å lesa Veitebergs ven og tidlegare TF-lærar Halvor Moxnes’ innlegg (VL 19.6.) for å skjøna kor betent dette er. I ein setning-for-setning-analyse av Ottosens’ svar, skuldar Moxnes NLM-toppen for å driva dobbelt­kommunikasjon av verste merke­. Ein kan konstatera at dialog og forsøk på ­nyansering slett ikkje løyser alt. Både Veiteberg og vi andre veit vel dessutan at ­verken NLM eller andre jordiske instansar er noko patentbyrå for kristen­namnet. Nettopp derfor verkar heile denne­ person­dramatikken som eit unødig ­etterspel og støy på linja. Igjen er det den potensielt avslørande og opplysande teologiske sam­talen som vert parkert i ei tverrgate av overdrive personfokus, subjektive perspektiv og spørsmål vi veit må ligga til ein annan dag.

Berre Gud får fullt innsyn

­Minefelt eller ikkje, å vera kristen er i alle fall å vera del av eit liv og ein relasjon som til sjuande og sist berre ein sjølv og Gud får fullt innsyn i. Det er krevjande å godta­, særleg for oss som ­lever med skjema for det meste og synleggjering av målopp­nåing som ein del av kvardagen. Paulus kommenterer at han talar som han gjer «ikkje for å gjera­ menneske til lags, men Gud, han som prøver hjarta våre». Kall det gjerne­ fromt, men det er ein knivskarp og sårt tiltrengt visdom for vår tid.

LES OGSÅ:

• Alf Gjøsund: Et nytt bud: Tvil på hverandre

Biskopens problematiske teologi

Kari Veiteberg: Ein god idé å anbefala Moxnes

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion