Religion

Simeon på søyla

Stadig fleire nordmenn oppdagar det same Aksel Braanen Sterri: At faste kan vera bra for folk sitt indre liv og gjera dei meir solidariske med andre.

Aleppo, år 459: Oppå ei tjue meter høg søyle står ein mann med utstrekte armar­ og ber. Ofte legg han panna mot golvet. Han heiter Simeon, er kristen munk og omtrent 70 år gammal. Halvdelen av livet sitt har han budd på toppen av ei søyle utan ly for brennande syrisk ørkensol ­eller bitande vinterkulde. I løpet av ein dag rekk ein tilskodar å telja at han kneler og legg panna ned 1244 gonger, seier overlevering­ane.

LES OGSÅ: Noas ark krasjet i kystvaktskip i Oslo

Som Therese Johaug og Ole Einar Bjørndalen

Simeon er ekstrem-asket, ein av dei såkalla «stylittane» (av stylos, det greske ordet for søyle)­ som tok den radikale kristne askesen til bokstaveleg talt nye høgder. Tusenvis av nysgjerrige menneske kjem for å sjå mannen som nesten ikkje søv og sjeldan et meir enn eit salatblad per dag. To gonger om dagen tar han imot pilegrimar frå heile den kristne verda. Keisarinner og fattigfolk, britar og persarar ønskjer veg­leiing, råd og velsigning, fortel Harald Olsen i boka Ørkenvind. Råda hans var kjende for å vera medfølande og jordnære, aldri fanatiske. Han var særleg opptatt av dei fattige sine interesser og fungerte ofte som meklar og dommar i konfliktar.

I den sterke sola og med armane­ rett ut frå kroppen, ser han ut som ein lysande kross. Han blir eit symbol på noko som går over vanlege menneskelege grenser. Annleis-livet hans får folk til å tenkja over sitt eige vanlege liv, og på Gud.

Viss heilage Simeon hadde stått på ei søyle utanfor Oslo i 2016, er det meir sannsynleg at han hadde­ fått tilbod om psyki­atrisk hjelp enn ein stor tilhengarskare. Våre fyrtårn i sjølv­disiplin-skodda er kjendis-­asketar som Therese Johaug og Ole Einar Bjørndalen. Me drøymer om vilje­styrken deira når me ser våre eigne joggeskor og kjøle­skap. Men for majoritets­nordmenn er det nesten uforståe­leg at milliardar av truande kan avstå frå slikt som mat, drikke, sex og søvn av åndelege grunnar.

LES OGSÅ: Vold og konflikter i verden koster deg 15.000 kroner

Folk flest var katolikkar

Det er ikkje så lenge sidan nordmenn flest var fastande kato­likkar, men sidan då har me merka lite til at folk fastar i alle dei store verdsreligionane. Den islamske fasta er framleis nokså framand for kultur-lutheranarar. Dynamikken liknar på det som skjedde rundt Simeon: Ein del blir fascinerte og fulle av respekt, andre blir fråstøytte og fulle av forakt. Retninga på reaksjonen er truleg knytt til følelsar som bur i naboromma inni oss: for eks­empel frykt for eit «muslimsk» Noreg eller ein lengt etter å leva meir i tråd med eigne ideal.

«Vi burde alle ta del i ramadan. Ikke-religiøse nordmenn kan lære mye av muslimenes årlige fasteperiode,» skriv ateisten Aksel Braanen Sterri i Dagbladet denne veka. Han hevdar framleis at religion er ei skadeleg kraft i samfunnet, men meiner likevel at denne typen faste både kan vera bra for folk sitt indre liv og gjera dei meir solidariske med andre.

LES OGSÅ: Norsk islam er nødt til å lykkes

Målet med religiøs faste

Stadig fleire nordmenn opp-dagar det same som han, nemleg at målet med religiøs faste ofte er å komma nærmare si eiga innside, Gud og medmenneske. Å sjå slikt på nært hald får mange til å ønskja å oppleva noko liknande. For nokon fører dragninga til at ein endrar kurs og blir del av ein kristen eller islamsk truspraksis. Men ofte skjer det motsette: Dei blir inspirerte til å fordjupa seg og finna nye rom i si eiga tru. Slikt ser ein gjerne der folk med ulike livssyn får sjansen til å læra av kvarandre.

Året er 459 og når sommaren i Aleppo er over, har Simeon trekt pusten for siste gong. Han stivnar framoverbøygd mens han ber, og det tar eit par dagar før folk forstår at han er død.

1557 år seinare er han eit fjernt minne, men askesen er blitt ­allemannseige.

Les mer om mer disse temaene:

Ann Kristin van Zijp Nilsen

Ann Kristin van Zijp Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion